Hopp til innhold

Dag Ruben miste lappen etter tre månader

Dag Ruben Moen Ødegård (19) irriterte seg over bilen framføre og køyrde forbi i ei 50-sone. Der stod politiet. Hittil i år har 1000 bilistar råkøyrt og blitt fråteken førarkortet.

Dag Ruben Moen Ødegård

Her i denne 50-sona miste Dag Ruben Moen Ødegård førarkortet. Farta vart målt til 85 km/t.

Foto: Ottar Rydjord

Ein heil kompisgjeng hadde vore på Åndalsnes for å ete kebab, og Dag Ruben Moen Ødegård (19) var sjåfør. På veg tilbake til Måndalen i Rauma vart bilen framføre eit irritasjonsmoment. Bilen veksla mellom å køyre i 40 og 50 kilometer i timen og Ødegård bestemte seg for å køyre forbi. Han suste forbi gjennom 50-sona og vart vinka inn av utrykkingspolitiet.

– Eg skvatt skikkeleg og hadde hjartebank. Eg rekna med at straffa kom til å bli streng, fortel Ødegård.

Farta hans vart målt til 85 km/t og han vart fråteken førarkortet i sju månader. I tillegg fekk han ei saftig bot. Kompisen måtte køyre bilen heim.

1000 har mist lappen

Berre hittil i år har 1000 bilistar mist førarkortet etter råkøyring og det uroar både Trygg Trafikk og Utrykingspolitiet.

Per Einar Hollum er distriktsleder for utrykningspolitiet i Midt-Norge

Distriktsleiar Per Einar Hollum i UP i Midt-Noreg seier det er usolidarisk å køyre alt for fort.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Per Einar Hollum, som er distriktsleiar i UP i Midt-Noreg, seier det er viktig å luke ut risikovillige sjåførar frå trafikken. Han viser til statistikken seier at høg fart er hovudårsaka ved over 40 prosent av dei alvorlegaste trafikkulykkene, der folk enten døyr eller blir alvorleg skadde.

Tal frå Trygg Trafikk viser at 34 menneske har mist livet ved inngangen til april. Dei er uroleg for at det vil kome ei kraftig auke utover sommaren og hausten.

Lærepenge

For Dag Ruben Moen Ødegård har forbikøyringa blitt ein lærepenge. Han har aldri sett på seg sjølv som ein råkøyrar, men lovar seg sjølv at han ikkje skal køyre for fort fleire gongar. I dag miste også ei venninne av han førarkortet på grunn av høg fart. Han åtvarer andre mot råkøyring og meiner at folk må tenke gjennom konsekvensen av å køyre for fort.

– Eg meiner folk bør halde fartsgrensa, seier 19-åringen. I mai får han tilbake førarkortet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL