Hopp til innhold

Vinden knuste campingvogna i fillebitar

Kjell Magne Bø trudde taket blei flerra av i den sterke vinden. Men i hagen låg ei smadra campingvogn og ei heil arbeidsbrakke.

Smadra campingvogn i hagen

Roy Morten Jensen ser på dei store skadane på campingvogna og arbeidsbrakka hans etter at dei flaug i lufta og hamna hos naboen.

Foto: Ottar Rydjord

Kjell Magne Bø var akkurat stått opp, og på veg ned trappa frå 2. etasjen, då eit enormt brak gjorde at han skvatt til.

– Eg trudde først det var taket som reiste av huset vårt. Då eg kom ned og kika ut låg restane etter ei smadra campingvogn strødd i hagen. Verandaen var dekt med restane etter campingvogna. Ei heil arbeidsbrakke låg mellom sandkassa og dissestativet, seier Bø, som bur i Innfjorden i Rauma.

LES OGSÅ:

Campingvogn i lufta

Knust campingvogn

Kjell Magne Bø framfor restane av den knuste campingvogna. Brakka til venstre kom også flygande gjennom lufta og landa i hagen til Bø.

Foto: Ottar Rydjord

Dei uvanleg sterke kastevindane tok tak i fleire brakker og ei campingvogn på ein byggeplass om lag 50 meter unna huset til Kjell Magne Bø. Bror hans blei vitne til det som skjedde.

– Campingvogna blei løfta rett opp, og eksploderte i lufta før ho landa nede hos meg, seier Bø, og er glad for at ingen var ute i vinden.

LES OGSÅ:

Opprydding 1. juledag

Campingvogn smadra i hagen

Den tunge arbeidsbrakka blei kasta omlag 50 meter og hamna midt mellom sandkassa og leikestativa i hagen til naboen.

Foto: Ottar Rydjord

I formiddag har Kjell Magne Bø rydda opp, saman med han som eig campingvogna og brakkene. Han visste at det var venta sterk vind 1. juledag, men hadde ikkje rekna med så mykje styr.

– Eg visste det skulle blåse, men ikkje så kraftig, seier han.