Hopp til innhold

Dugnadsånda slo inn då nærbutikken nesten var konkurs

Den lokale nærbutikken er ein berebjelke for mang ei bygd i Noreg. Då nedlegging og underskot truga butikken i vesle Urke visste bygdefolket råd. Éin heilt spesiell dugnadsinnsats har redda butikken.

Nærbutikken gjekk med underskot, men bygdefolket på Urke i Hjørundfjorden visste råd. Etter ein månad med ein heilt spesiell dugnadsinnsats har butikken fått ei viktig ekstrainntekt.

Campingplassen i den vesle bygda Urke har redda nærbutikken. Den kreative løysingar gjer at dei 64 innbyggjarane framleis har daglegvarebutikk i bygda.

– Du ser det, i dag er det litt få varer i hyllene, men det blir meir, seier Nelly Urke.

Nelly Urke

Nelly Urke sit i kassa på Urke Landhandel. Ho augnar overskot for første gong på lenge.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho driv den vesle nærbutikken, Urke Landhandel, i nettopp Urke nesten inst i Hjørundfjorden på Sunnmøre.

Landhandelen har berre 64 fastbuande kundar, men heldigvis kjem turistane om sommaren.

– Det som er problemet er å vite kva som går, éi veke er her 40 stykk, ei anna er her fleire 100. Det er problemet, veit du, fortel Urke.

Hadde forfalle i mange år

For det er ikkje enkelt å drive butikk på ein liten stad. Urke Landhandel har slite med underskot i fleire år, og no var butikken truga med nedlegging.

Tone Rønning

Tone Rønning fortel om ei sterk dugnadsånd i urkefolket.

Foto: Remi Sagen / NRK

Grendalaget fann derimot løysinga: Campingplassen på Urke. Den hadde vore stengt og forfalle i mange år, men grendalaget såg moglegheiter for ei ekstrainntekt som kunne redde butikken.

Dugnadsånda er stor hos folket på Urke, og butikken er viktig for dei.

– Det er noko spesielt med Urke. Vi som har vokse opp her er frykteleg glade i bygda, og veldig stolte av fjorden vår, seier Tone Rønning, styremedlem i Urke grendalag.

Ho seier at dei er i Urke støtt og stadig.

– Vi gjer alt vi kan for å hjelpe til og bevare det slik det er her, halde butikken open og gjere det mogleg for andre å kome og bu her, fortel Rønning.

Saka held fram under bildet.

Urke camping

Leikeplass og åtte hytter - Urke camping står klar for å ta imot turistar og andre tilreisande.

Foto: Remi Sagen / NRK

«Love-hytte»

Det har blitt stelt i stand åtte hytter, pussa opp og møblert av dei fastbuande og utflytta bygdefolk frå Urke.

Kvar hytte har fått namn etter fjelltoppane rundt. Alle hyttene har blitt preparert og gjort klare etter evne og smak, enkelt, men med særpreg.

– Elskovsrede, kallar vi det. Den er i grunn så lita, så den passar veldig godt til det. Sånn «love-hytte», seier Svein Birger Rønning, fastbuande ungkar.

Det tok éin månader frå første dugnadstime til hyttene stod klare. Folk kom frå alle kantar for å bidra.

Sverre Birger Rønning

Sverre Birger Rønning har vore med og innreda hyttene.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Frå Sogndal ,frå Ålesund, frå Sykkylven - alle har kome og stilt med rive, hammar og gjort ein kjempeinnsats. Heilt utruleg, det er berre å ta av seg hatten for at slike folk finst, seier Dorit Rønning, leiar i Urke grendalag.

12.000

Campingdrifta går på dugnad, og inntekte rett i kassa på butikken.

– Etter første veka har vi allereie fått inn 12.000. Held det fram slik heile sommaren slepp vi å gå i underskot neste år, fortel Rønning.

I fjor var underskotet 40.000 kroner. No ser det lysare ut for vinteropen butikk.

– Det er heilt fantastisk. Vi har akkurat byrja sommaren, så dette håper vi skal gå heilt fint, seier Nelly Urke i kassa på landhandelen.

– I år blir det overskot?

– Ja, det er heilt sikkert. Det er heilt sikkert, smiler butikkdrivaren.

Urke campingplass

Urke campingplass har redda nærbutikken i den vesle bygda.

Foto: Remi Sagen / NRK