Hopp til innhold

Bypakken for Ålesund er vedtatt

Bystyret vedtok torsdag kveld ei revidert utgåve av bypakken for Ålesund med 25 mot 24 stemmer. Men sluttresultatet kunne fort blitt eit anna.

Bystyremøte 031215

Det vart dramatisk då bystyret i Ålesund skulle vedta bypakken for Ålesund torsdag kveld.

Foto: Frode Berg / NRK

Ap, SV og KrF sitt syn vann fram i Ålesund bystyre torsdag kveld i det som viste seg å bli eit dramatisk bystyremøte.

To jokerar

Først kom nyheita om at Miljøpartiet Dei Grøne braut ut av fleirtalskoalisjonen i bystyret.

Knut Oskarson frå Høgre

Knut Oskarson (H) bestemte seg for å stemme mot sitt eige parti og støtte forslaget til fleirtalsalliansen.

Foto: Frode Berg / NRK

Partiet annonserte torsdagskveld at dei likevel ikkje kunne gå inn for pakken som dei hadde blitt samd med Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti om for under to veker sida. Årsaka var mellom anna at partiet ikkje kunne støtte ein firefeltsvegen til byen.

Så dukka det opp ein ny joker i bypakkesaka. Knut Oskarson (H) bestemte seg for å stemme mot sitt eige parti og støtte forslaget til fleirtalsalliansen.

Oskarson gjekk så langt som å samanlikne seg sjølv med Margaret Thatcher, som også stod fast på det ho meinte med orda «This lady is not for turning».

– Eg heldt fast i det standpunktet eg har hatt i alle år, og difor vart det rett å stemme for forslaget. Eg har kjempa for bompengar som ei nødvendigheit for å realisere utfordringane i Ålesund dei siste 12 åra, sa Oskarson etter vedtaket.

– Med dette vedtaket kan vi kome i gang med arbeidet og unngå nye rundar med nye utgreiingar, utsettingar osv., heldt han fram.

Dette har bystyret vedtatt

Forslaget til fleirtalskoalisjonen i bystyret var i hovudsak det same som partia vart samde om for nokre veker sidan. Det hadde likevel blitt gjort nokre endringar i forslaget.

Det opphavlege forslaget kan du lese her.

Endringane i vedtaket er som følgjer:

I bystyret vart det vedtatt ein pakke som mellom anna betyr fire bomsnitt. Desse blir plassert i området Åse/Lerstad, Brusdalen og Blindheim.

Bystyremøte 031215

Bystyret vedtok torsdag kveld ei revidert utgåve av bypakken for Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det vart mellom anna foreslått å greie ut moglegheita for å flytte bomsnittet i sentrum til aust for tunnelinnslaget i Ysteneset.

I tillegg har det blitt inkludert ei punkt som seier at det også skal settast av 220 millionar kroner til å betre framkomsten for buss, gåande og syklande, og for å betre trafikktryggleiken. Rådmannen blir i tillegg bedt om å kartlegge og prioritere aktuelle tiltak innan bypakke kjem til ny behandling i 2016.

I vedtaket står det også at bypakken skal medverke til ein heilskapleg og framtidsretta byutvikling, der omsynet til klimautfordringar blir varetatt. Kollektivtilbodet skal styrkast og utbygginga av eit samanhengande gang- og sykkelvegnett skal prioriterast. Ei bybane i Ålesund skal utgreiast vidare, med ei detaljert traseutgreiing. Konklusjonen i utgreiinga skal leggast til grunn for vidareføring av bypakken.

Bytunnel var hovudstridsspørsmålet

Mange av usemjene under torsdagens bystyremøte gjaldt spørsmålet rundt bygginga av ein tunnel under Brosundet. Fleirtalet stemte til slutt for ein bypakke med bu over Brosundet og bom i sentrum.

Men sjølv om det ikkje vert Brosundtunnel med det første, har det blitt lagt inn 50 millionar kroner til å planlegge ei undersjøisk tunnel gjennom Ålesund sentrum.