Hopp til innhold

Fekk heva kjøp av bustad som var full av rotter

Like etter bustadkjøpet oppdaga dei nye eigarane at huset var fullt av rotter. No har kjøparane vunne i lagmannsretten, og forsikringsselskapet Am Trust må punge ut med 2,8 millionar kroner.

Rotte Kristiansund

Det var klare spor etter rotter i isolasjonen på huset. Retten kom til at angrepet hadde skjedd før avtalen om huskjøp blei inngått.

Foto: Help forsikring

Då dei nye eigarane oppdaga rottene kravde dei at kjøpet måtte hevast. Men forsikringsselskapet avviste kravet. Saka kom inn i rettsvesenet. Først vann kjøparane berre delvis fram i tingretten. Men i Frostating lagmannsrett har dei fått medhald, og kjøpet blir heva.

– Vi er godt nøgde med domen. Retten finn ikkje grunn til å trekkje skadeomfanget i tvil. Heving av kjøpet er etter vårt syn eit riktig resultat, seier advokaten til kjøparane Andreas Aven til VG.

Rotter giftpasta

Desse rottene har spist giftpasta som blei sett inn i huset i Kristiansund.

Foto: Help forsikring

Det er forsikringsselskapet Am Trust som må betale tilbake kjøpesummen. Forsikringsselskapet Help står i denne saka på kjøparane si side, gjennom bustadkjøpar-forsikring.

Det som er trist, er at livet til kjøparane har stått på vent i dei tre åra som saka har pågått, seier Dag Are Børresen, advokat og informasjonssjef hos Help.

Bustadkjøpar-forsikring er på mange måtar bustadkjøparane sitt motstykke til eigarskifte-forsikringa, og er ei forsikring som dekkjer advokathjelp.

Rotte Kristiansund

Graving avslørte svak fundamentering på bygget. Her var det lett for rottene å kome inn i huset.

Foto: Help forsikring

Retten var på synfaring i bustaden, og kom til at det ikkje var mogleg å bu i huset. Undersynfaringa var deler av kledningen på veggane fjerna, og følgjene av rotteangrepet var klart synleg.

Retten kom også til at rottene hadde invadert huset før salet blei gjennomført. Ifølgje ein ekspert frå skadedyrkontrollfirmaet Rentokil, måtte angrepet ha gått føre seg i minst eitt år før tidspunktet for overtaking.

Ifølgje VG er det uklart om saka blir anka.

Rotter

Mykje av kledningen måtte fjernast for å avdekke rotteskadane.

Foto: Help forsikring

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL