Hopp til innhold

Bustadbrann i Aure

Brannvesenet har sløkt brannen i ein bustad på Skarsøya i Aure.

Bustadbrann Aure

Alle naudetatar rykte laurdag ettermiddag ut etter meldingar om røykutvikling i eit bustadhus på Vihals på Skarsøya i Aure.

Ifølgje politiet skal det truleg ha vore ein pipebrann som spreidde seg til eit rom i bustaden. Det skal ikkje vere snakk om store skader, men bustaden må luftast ut.

Kom seg sikkert ut

Dei to personane som var i huset kom seg sikkert ut og brannvesenet kom raskt i gang med sløkkingsarbeidet. Ein av bebuarane måtte til sjukehus på grunn av røyken.

– Brannvesenet er på plass og arbeider med å sløkke brannen, fortalde operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr i Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK like etter klokka 13.00.

Politiet fekk melding om brannen klokka 12.45

Klokka 13.33 melde politiet om at brannen var sløkt på Twitter.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL