Hopp til innhold

Brusfabrikk seier opp halvparten av dei tilsette

Familieverksemda i Molde har mista avtalen med Ringnes og dermed mister ca 40 tilsette jobben.

Oskar Sylte Mineralfabrikk

Oskar Sylte Mineralfabrikk har ei historie som starta i 1929. No er det tøffe tider etter at Ringnes fann seg andre å samarbeide med.

Foto: NRK

Partnaren Ringnes gjennom 27 år, har avslutta samarbeidet med Oskar Sylte Mineralfabrikk og det betyr at familieverksemda mister 75 prosent av volumet, skriv rbnett.

– Det får store konsekvensar for dei tilsette. Omlag halvparten må gå og det er berre trist, seier Oskar Dag Sylte sr. til NRK.

Det var far hans som starta brusfabrikken i Molde i 1929 og opp gjennom åra har familien sakte, men sikkert bygt opp fabrikken.

Oskar Dag Sylte sr

Oskar Dag Sylte sr synest det er trist å måtte seie opp tilsette.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Fryktar ikkje nedlegging

Oskar Sylte har den siste tida jobba med å vidareføre samarbeidet med Ringnes, men dei har funne andre samarbeidspartnarar.

Fryktar du at fabrikken kan bli lagt ned?

– Nei, det gjer eg ikkje i første omgang. Vi har mange eigne produkt som heldigvis forbrukarane set pris på og som er etterspurt over det ganske land, seier Sylte.

Heller ikkje sonen Oskar Dag Sylte jr, som er administrerande direktør, trur at fabrikken vil forsvinne heilt.

– Vi må i kjellaren og bygge opp att på nytt. Fundamentet er godt og det er bra folk som jobbar her. Eg har god tru på framtida, seier Sylte jr.

Tøft for dei tilsette

Det er det å måtte seie opp folk som er det problematiske. Oskar Dag Sylte sr. seier at dei tilsette har blitt orienterte under vegs i prosessen, men at det var ein tøff beskjed å få.

– Særleg er det vanskeleg når marknaden på våre kantar er slik den er. Det er tøft i mange bransjar og mange oppseiingar, særleg i offshore og oljebransjen. Det er klart det ikkje er lettå få ny jobb, seier Sylte sr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL