Hopp til innhold

Brukar feriepengane til inkassogjeld

Stadig fleire brukar feriepengane til å rydde opp i økonomien, og mange betalar ned på gamal inkassogjeld når pengane kjem.

Penger

586 MILLIONAR: Kommunikasjonsdirektør i Lindorff Norge, Stig Inge Eikemo, fortel at det totalt vart betalt inn 586 millionar kroner i juni i år.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Stig Inge Eikemo

BETALAR NED: Kommunikasjonsdirektør Stig Inge Eikemo i Lindorff Norge seier mange brukar feriepengane på å betale ned inkassogjeld.

Foto: Bo Mathisen

– Feriepengar gir eit pusterom for mange som har anstrengt økonomi. Dei får litt meir inn den månaden, seier kommunikasjonsdirektør Stig Inge Eikemo i Lindorff Norge.

– Me ser heldigvis at mange brukar den mogelegheita til å betale ned på inkassogjeld, seier han.

Stor auke

Totalt i landet har det blitt betalt inn 586 millionar kroner i juni i år, noko er ein auke på 7 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Fylket med høgast auke i innbetaling i år samanlikna med i fjor, er Aust-Agder med 62 prosent auke, og innbetaling på 12,5 millionar kroner. Oppland kjem like etter med 42 prosent auke, og ein sum på 29,5 millionar kroner.

I Møre og Romsdal er auken på innbetalingar i juni 21 prosent høgare enn i fjor, og det er heile 21,5 millionar kroner som har blitt betalt inn.

Unge er flinkare

Til saman var det 91 000 personar som betalte ned inkassogjeld, og ei gruppe er særskilt flinke.

– For dei unge under 30 år så ser me ein auke på 190 prosent på innbetalinga samanlikna med for fem år sidan, seier Eikemo.

– Me ser mykje av den same utviklinga når det gjeld nye inkassosaker der dei har gått ned for yngre, medan dei har gått opp for veldig mange andre grupper. Dei unge har blitt mykje flinkare med åra, seier han.

Flinkare kredittkortbrukarar

Stig Inge Eikemo seier at dei fleste tilpassar bruken av kredittkort til det dei har råd til.

– Så det kjem ikkje nokon boom etter sommaren, slik som det kanskje gjorde tidlegare, seier han.

– Ein har blitt vane med å bruke kredittkortet på ein fornuftig måte, legg han til.