Hopp til innhold

Braut ribbeina på sambuaren sin

Ein 45 år gamal mann frå Molde er dømd til fengsel i eit halvt år for vald mot sambuaren sin.

Romsdal tingrett

Romsdal Tingrett dømde 45-åringen til fengsel i seks månader.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

I jul i fjor skubba han sambuaren sin mot ein sofakant slik at ho braut to ribbein, og nokre dagar seinare flykta ho frå leiligheita etter å ha blitt slått i ansiktet.

Sjalusi

Ein krangel om sjalusi mellom dei to var bakgrunnen for at det gjekk i "svart" for 45-åringen julidagen i fjor. Då han ville kaste ut sambuaren sin, treff overkroppen hennar kanten på sofaen og ribbeina knakk.

Fire dagar seinare hamnar paret igjen i ein krangel etter å ha innteke alkohol og den dømde 45-åringen held sambuaren sine nede i sofaen for å få henne til å vere stille.

Slag i ansiktet gjer at sambuaren hans rømmer frå leiligheita og inn til ein nabo som hjelper henne med å ringe til politiet.

Fryktar alvorlegare konsekvensar

Mannen er dømd fleire gongar tidlegare for vald både mot sambuaren og andre. Han blei for første gong dømd for vald i 1995 og dette er den sjette dommen hans.

I dommen heiter det at retten fryktar at sinnet hans kan få langt alvorlegare konsekvensar dersom dette skjer igjen.

45-åringen må også betale 2000 kroner i sakskostnadar.