I industribygda med 2400 innbyggarar er det berre eitt samtaletema. Brattvåg sitt andredivsjonslag har slått ut både Hødd og Aalesund:
– Vi er best på Sunnmøre, seier dei.
– Vi er snart i eliteserien. Og i cupen er det Ullevaal som er draumen no, seier Henrik Otterlei Hurlen. Han og dei andre skuleelevane spelar fotball i friminuttet.
Kameraten Jonas Austnes Hellandsvik seier at han håper på Tromsø i neste runde:
– Dei tapte 6-0 for Aalesund. Så då vinn vi lett...
Omsverma lærar
Richard Vestre er ekstra omsverma i dag, som lærar ved Brattvåg ungdomsskule. I går var han assisterande trenar for Brattvåg, då dei slo Aalesund etter straffesparkkonkurranse:
– Det er eit eventyr. Det skaper gledesrus i heile bygda.
Håper å få Vålerenga
Vestre håper dei kan kome til Ullevaal allereie i neste runde. Det betyr at han ønsker å møte Vålerenga.
– Uansett er dette noko som samlar folket. Vi har noko å bry oss om. Det er uhyre kjekt.
Gratis festkake
På kulturkafeen i Brattvåg sentrum skriv dei med krit på tavla. For i dag er det gratis festkake for dei som kjøper lunch.
– Alle har lyst til å vere med og støtte eit vinnarlag. Dette er stor stas, seier Jorunn Ulstein Fjørtoft.
På fotballbanen seier Henrik Otterlei Hurlen at det er herleg at klubben hans, Brattvåg, gjer det så bra:
– Før om åra har vi streva med å rykke opp frå tredje. No har vi slått ut både Hødd og Aalesund. Vi er Sunnmøres beste lag!