Hopp til innhold

Endeleg kontroll på fjellbrannen i Aure

Etter nesten seks timar har brannvesenet kontroll på brannen på Ertvågøya i Aure. Eit gledeleg venta helikopter fiksa biffen.

Brann på Ertvågøya

Det brenn på fjellet Hostegga på Ertvågøya i Aure kommune.

Foto: Arild Gjerdevik

– Klokka 20.25 fekk vi melding om at brannmannskapet hadde kontroll. Det er lite røyk, og helikopteret skulle då over ein siste gong. No er det udramatisk.

Det sa Lars Marius Andreassen, vakthavande leiar på 110-sentralen til NRK klokka 20.45.

Brannhelikopteret kom til brannstaden klokka 19.08 for å hjelpe til med sløkkearbeidet.

– Dei ni i brannmannskapet på fjellet har sløkt ein del av brannen, opplyste 110-sentralen like før.

Brann på Ertvågøya

Brann på Ertvågøya har spreidd seg.

Foto: Jon Leirdal

ATV fekk fortgang

Like etter klokka 19.00 sa brannmeister Kjetil Iversen ved 110-sentralen at dei framleis venta på brannhelikopteret.

– Det er ni mann oppe på fjellet. Ein ATV har kome opp med pumpeutstyr og dei driv sløkkearbeid i påvente av helikopter.

Iversen var tydeleg på at dei ikkje hadde kontroll på brannen, men den hadde ikkje spreidd seg til det verkeleg ille.

– Det er ikkje slik at heile øya vil gå med. Vi satsar på at sløkkinga går fort når helikopteret kjem, sa Iversen til NRK.

Spreidde seg raskt

Klokka 17.20 fortalde Iversen om vanskelege forhold.

– Det er kupert terreng, og det er vanskeleg å få fram utstyr. Brannen har spreidd seg meir enn dei har klart å sløkke, opplyste Iversen.

Brannen var på fjellet Hostegga på Ertvågøya i Aure kommune på Nordmøre.

Nok vatn i området

– Det er verken hytter eller anna i nærleiken, det brenn i lyng, mark og kratt. Det er lite skog i området, men der er eit lite tjern like ved.

– Brannmannskapa hadde eit håp om å nytte seg av tjernet med pumper, men det viste seg å vere vanskeleg, sa Iversen til NRK.

Dei blei rekvirert helikopter via Hovudredningssentralen.

– Der er rikeleg med vatn for helikopteret i området, så vi trur brannen skal vere under kontroll ganske kjapt. Helikopteret ordnar det nok fort når det er på plass, slo Iversen fast.

Langt frå busetnad

110-sentralen i Møre og Romsdal fekk dei første meldingane om brannen like før klokka 15.30.

NRK fekk klokka 16.40 opplyst at det brann i eit område på minst 100 gonger 100 meter på Hostegga.

Politiet i Nordmøre og Romsdal melde om brannen like før klokka 16.00.

Skogbrann på Ertvågøya

Slik såg det ut kort tid etter at brannen hadde starta på Hostegga.

Foto: Arild Gjerdevik

– Dette er langt frå busetnad, så vi ser på det som ei rein sak for brannvesenet. Vi har valt å sitje roleg så lenge det dreiar seg om rein brannsløkking.

Det sa operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

– Det brenn godt

Ved 110-sentralen fekk NRK opplyst at brannen var høgt oppe i fjellet.

– Vi veit at det brenn godt, men vi har ikkje oversikt enno. Det er ulendt terreng og langt opp til fjells. Brannmannskap er nettopp kome fram, sa Iversen klokka 16.30.

Laster Twitter-innhold
Brann på Ertvågøya i Aure

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL