Hanna Relling Berg - Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, seier aksjonen til bøndene er ulovleg. - Foto: Markus Plementas / NRK

Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, seier aksjonen til bøndene er ulovleg.

Foto: Markus Plementas / NRK

– Denne aksjonen er ulovleg

– Det bøndene har gjort er ulovleg, seier ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg. Fleire bønder frå Sunnmøre blokkerte i natt utkøyring av avisene.

I natt møtte bønder opp med traktorane sine utanfor trykkeriet til Sunnmørsposten i Breivika i Ålesund. Dei sperra utkøyringa av aviser frå trykkeriet, fordi dei var misnøgde med avisa si dekning av bondeaksjonane førre veke.

Ulovleg

Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, seier at bøndene sin aksjon er heilt uakseptabel.

– Dette er ulovleg. Men det som er bra er at vi har ein dyktig distribusjon, som likevel klarte å få ut avisa, seier Relling Berg. Ho trur dei aller fleste lesarane vil få avisa til vanleg tid.

Brei dekning


Forstår du at bøndene er skuffa over dekninga til Sunnmørsposten?

– Eg forstår at dei ynskjer merksemd, men vi har hatt ei brei dekning av denne aksjonen. Tysdag hadde vi ein reportasje over to sider om bondeaksjonen, der dei fekk kome fram med krava sine. Vi har også hatt fleire heilsider der bøndene har fått kome til orde med sine synspunkt, seier redaktøren.

Ho tilbakeviser at ho ikkje likar bondenæringa, slik som bøndene hevdar.

SJÅ VIDEO:

Video Bønder aksjonerte mot Sunnmørsposten - Foto: Nyhetsspiller /

Bønder aksjonerte mot Sunnmørsposten

Skuffa over avisa

Talsmann for bøndene, Odd Einar Fjørtoft, seier dei er skuffa over Sunnmørsposten.

– Bønder på Sunnmøre vart overraska og sinte over at regionavisa som vi abonnerer på, ikkje dekte aksjonen som bøndene hadde på tysdag, seier Fjørtoft.

LES OGSÅ:

Mislikar leiarartiklane

Bondeaksjon - I natt aksjonerte fleire bønder utanfor Sunnmørsposten sitt trykkeri. - Foto: Brede Røsjø / NRK

I natt aksjonerte fleire bønder utanfor Sunnmørsposten sitt trykkeri.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Han og dei andre bøndene hadde forventa at dei skulle få sjå bilete frå aksjonen i onsdagsutgåva av avisa. Då det ikkje sto noko, bestemte bøndene seg for å gå til ny aksjon.

– Vi veit at vår avis ikkje er spesielt positiv til oss, det viser redaktøren sine leiarartiklar, seier Fjørtoft.

Siste video/lyd

Fylkesmannen vurderer tilsynssak mot Molde kommune og må vurdere om Molde skal bli den første kommunen i Noreg som blir dømt for brot på verdigheitsgarantien. Verken vararordføraren eller fylkesmannen ante at Glomstua har hatt trippelrom i to og eit halvt år før NRK avslørte det i går.
76 band og artistar, som på ein eller annan måte er knytta til Møre og Romsdal, konkurrerar no om Musikkprisen 2013. Premien er å få spele under opninga av Jugendfest i Ålesund og å få gjere plateopptak i Ocean Sound Recordings på Giske.
Kunnskap om verdsarven kan formidlast på mange måtar. I Geiranger skjer det mellom anna gjennom skodespel retta mot barn og unge.