Hopp til innhold

Bombegruppa på veg til Molde

Store delar av Molde sentrum blir truleg stengt i mange timar framover etter ein eksplosjon onsdag føremiddag.

Eksplosjon Molde

Sentrum blir truleg sperra av i fleire timar, det melder politiet.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Det var i 10.00-tida onsdag at politiet fekk melding om ein eksplosjon i Molde sentrum. Ingen blei skadd i eksplosjonen, som skjedde i kjellaren på eit sentrumsbygg frå 1949 som er under ombygging.

– Det pågår restaureringsarbeid i bygninga og det var i samband med gravearbeid i kjellaren at det oppstod ein eksplosjon, seier Per Karstein Røv, politistasjonssjef i Molde.

Sentrum blir stengt i fleire timar

Delar av Storgata inkludert rutebilstasjonen i Molde har vore avsperra sidan eksplosjonen, og all trafikk blir dirigert forbi staden.

Per Karstein Røv

Per Karstein Røv, politistasjonssjef i Molde, kan fortelje at ei bombegruppe er på veg til Molde frå Oslo.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Denne bygninga ligg midt i Molde sentrum og vi har difor valt å sperra av eit stort område til vi får avklart situasjonen, seier Røv.

Ei bombegruppe frå Oslo er på veg til Molde, og er truleg framme like før fem. Det er difor venta at området blir sperra av til langt utover kvelden.

– Dei startar truleg med arbeidet rundt fem, og vil bruke sin ekspertise til å undersøke kva som har løyst ut denne eksplosjonen og for å avklare om det kan vere meir som ligg i grunnen, seier Røv.

– Det er eit gammal bygg og vi er litt usikre på kva som kan ligge i grunnen, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL