Hopp til innhold

Bloggar om sjukdomen for å hjelpe andre

Camilla Høydal har blogga sidan ho var 14 år. I starten blogga ho mest om vener, skule og fritid. Men i fjor vart orda ho skreiv plutseleg alvorlege. 20- åringen fekk kreft.

Camilla Høydal

BLOGG: Då Camilla Høydal blei sjuk i fjor valde hå å fortelje historia si på bloggen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Heime i Volda er det tilbake til kvardagen for Camilla Høydal. Sola skin, og ho har akkurat kome heim frå skulen, livet smiler til 20-åringen.

– Eg er glad for å ha byrja på skule igjen. Noko av det verste med å vere sjuk var at eg ikkje kunne fullføre skulen, fortel ho.

Det siste året har vore alt anna enn enkelt. Ho som byrja å blogge allereie på ungdomsskulen, skreiv tidlegare om skule, hobbyar, vener og fritid. I år har bloggen i større grad vore prega av sjukdomen hennar og kva ho har opplevd etter at ho i fjor blei sjuk.

– Fyrst var det mest for å oppdatere kjende og andre som lurte på korleis det gjekk med meg. Då kunne dei gå inn på bloggen og lese om det i staden for å spørje meg og familien min. Når det er mange som spør heile tida, kan det fort bli slitsamt, seier 20-åringen.

Heile historia til Camilla Høydal kan du lese på bloggen hennar her.

Ville dele historia si

Det hadde blitt feil om eg skreiv at alt var bra når det ikkje var det.

Camilla Høydal

Etter kvart blei det viktig å gi eit realistisk bilete av det ho gjekk gjennom og å vere open rundt det å vere sjuk. Den unge kvinna opplevde sjølv at ho leitte på nettet etter andre som hadde prøvd cellegift, før ho sjølv skulle starte med det. Ho håpar at bloggen kan vere til hjelp for andre som går gjennom det same som henne.

– Det hadde blitt feil om eg skreiv at alt var bra når det ikkje var det. No kan dei som vil lese om korleis eg har opplevd det, og dei kan kanskje få svar på nokre av spørsmåla dei sit med, seier Camilla Høydal.

Og sjølv om ho har hatt gode støttespelarar å prate med, har bloggen gitt henne eit forum der ho kan uttrykkje seg fritt. Spesielt har bloggen vore god å ha når cellegifta gjorde det vanskeleg å formulere orda.

– Cellegift påverkar deg på fleire måtar. Minnet er ikkje like bra som det var, samtidig som eg har problem med å sette saman orda. På bloggen kan eg ta meg den tida eg treng, viske ut og skrive på nytt, fortel ho.

Kreftforeininga heiar fram bloggarane

Kreftforeininga opplever ein eksplosjon i talet på pasientar som bloggar, og har også lagt ut lenker til ein del av dei. Pressesjef Erik Vigander seier openheit er ein av hovudverdiane til kreftforeininga.

– Openheit fjernar tabu, kan hjelpe andre og kan skape håp. Generelt er det veldig positivt at folk deler det dei opplever. Samtidig er det viktig at det ikkje blir eit openheitstyranni, alvorleg sjukdom er privat, seier Vigander.

Må vere budd på at folk tek kontakt

Han understrekar at det er viktig å vere klar over konsekvensane ved å leggje ut personleg informasjon og sjukdomshistorie på bloggar. Pressesjefen oppmodar folk om å lage sine eigne "ver-varsam-plakatar".

– Folk må vere klar over at informasjonen kan utnyttast. Ein kan risikere å bli ringt opp av folk som tilbyr healing eller alternativ medisin. Ein må også vite at alt som blir lagt ut, blir liggande der. Spesielt for unge er det viktig å huske, seier han.

Tydelege arr

Camilla Høydal

HYBEL: Camilla bur no på hybel i Volda der ho går siste året på vidaregåande skule.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

På hovudet har den blide 20-åringen eit skjerf. Under skjerfet har ho berre nokre få hårtustar, som er på veg til å vekse ut att etter den brutale cellegifta.

Under kleda har ho eit stort arr på magen etter operasjonane ho har vore gjennom.

Det er litt over eitt år sidan bloggaren oppdaga at alt ikkje var heilt som det skulle.

– Det byrja i mai i fjor. Eg hadde vondt og fekk blødingar, og bestemte meg difor for å gå til legen. Der fekk eg beskjed om å prøve å bytte p-pillar.

Men smertene heldt fram og ho fekk til slutt ein avtale hjå gynekologen. Han sende henne rett vidare til CT og MR for nærare undersøkingar.

Vanskeleg hårtap

Privatbilde kreft

HÅRTAP: Då Camilla byrja å miste håret bestemte ho seg for å klippe det av.

Foto: Privat

I januar 2014 byrja ho på cellegiftbehandling i Volda.

– Fyrste gongen var heilt forferdeleg. Eg vart veldig dårleg og kvalm. I tillegg svei det i heile kroppen, seier ho.

Behandlingane varte i åtte timar, og cellegiftbehandlinga blei lettare etter kvart. Men etter den tredje kuren byrja ho å misse håret.

– Eg syns det var vanskeleg å misse håret. Det fall av hår heile tida, spesielt når eg dusja.

Til slutt miste ho så mykje hår at ho valde å klippe det av. Og så barberte mora vekk resten.

– Det var betre å fjerne det, men eg må innrømme at eg fekk litt panikk då ho starta barbermaskina, seier den unge kvinna.

– I starten var det uvant å ikkje ha hår, så eg brukte som regel parykkar for å skjule det. Etter kvart blei det lettare, og no brukar eg det nesten aldri, held ho fram.

I videoen kan du sjå Camilla Høydal sine eigne bilete frå då ho barberte av seg håret.

Saka held fram etter videoen ...

Viktig støtte

20-åringen vedgår at opplevinga til tider har vore veldig krevjande og vanskeleg.

– Nokre gongar har eg tenkt at eg kjem til å bli frisk, andre gongar har eg ikkje visst om eg skulle planlegge fram i tid. Det har ikkje akkurat vore bra for hovudet mitt, fortel ho.

Ho fortel at ho har vore redd for å døy, men at ho var mest redd for å eventuelt måtte forlate dei ho er glad i og bryr seg om. Familie, kjærasten og vener har betydd utruleg mykje i den vanskelege tida.

– Dei har støtta meg og høyrt på meg når eg har vore redd. Dei har aldri prøvd å avfeie det eg har sagt, men samstundes har dei behandla meg som vanleg.

Vendepunktet

«Undersøkinga viser ingen teikn til kreftvev». Kva?. «Det betyr at du nå er ferdig behandla for dette» Eg er frisk? Eg er frisk. Eg byrja å grine so mykje at det va vanskeleg å få ut ord.

Camilla Høydal, henta frå bloggen.
Kanyle privatbilde

CELLEGIFT: Camilla har vore gjennom fleire rundar med krevjande cellegift.

Foto: Privat

For eit par veker sidan ringde telefonen. I den andre enden av røret er faren til Camilla Høydal.

– Han fortalde at eg hadde fått eit brev frå Trondheim. Eg tenkte med ein gong at det var dårleg nytt.

Faren byrja å lese brevet. Han fortalde om ulike medisinske termar ho ikkje heilt forstod, men så plutseleg høyrde ho noko som vekte merksemd.

– Det var ein heilt fantastisk kjensle å høyre dei orda, fortel ho.

Vegen vidare

No ser den unge kvinna framover, og håpar ho blir verande frisk. Men ho merkar framleis etterverknadane frå cellegiftbehandlinga.

– Eg er slapp og blir fort sliten. Eg orkar ikkje så mykje som eg gjorde før, fortel ho.

20-åringen håpar minnet vil bli betre slik at ho kan bli ferdig med vidaregåande og byrje på høgskulen neste år. Men akkurat no er ho glad for å vere tilbake i kvardagen, og at alt er om lag som "normalt".

– Eg trur det vil bli betre, for eg veit at eg er frisk. Eg kjem nok alltid til å vere litt redd for at det kjem tilbake, men no prøvar eg å fokusere på at eg er frisk og at eg skal vere frisk, og så får resten kome av seg sjølv, seier ho og smiler.