Hopp til innhold

Blei redda opp av iskald fjord av helikopter

Trass i at han kjempa for livet i sjøen, klarte ein mann i 20-åra sjølv å ringe med den våte mobiltelefonen sin til politiet. Det gjorde truleg at han berga livet.

Ambulansehelikopter plukka opp mann

Ein mann blei redda av ambulansehelikopteret etter at han klarte å ringe politiet medan han kjempa med bølgjene onsdag ettermiddag.

Foto: Hanna Fylling Ellingseter

Ein iskald og fortvilt mann i 20-åra ringde onsdag ettermiddag eigenhending til politiet på Sunnmøre for å varsle om at han trengde hjelp umiddelbart. Mannen hadde velta rundt i kajakken sin, i fjorden mellom Fiksdal og Nerås i Vestnes og klarte ikkje å snu båten sin rundt. Heller ikkje klarte han å svømme inn til land.

– Han forklarte kvar han var og at han trengde hjelp straks. Han var jo i ein svært, svært farleg situasjon, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.

Alarmerte umiddelbart

Ole Bjørn Harang

Operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt seier det var klokt av mannen å halde seg ved kajakken til han fekk hjelp.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet fekk melding like etter klokka 16, og alarmerte umiddelbart både redningshelikopter, ambulansehelikopter og ambulansebåten frå Kristiansund. Etter kort tid fekk dei melding tilbake at mannen var redda av eitt av helikoptera, og heisa opp frå den iskalde fjorden.

– Det var veldig klokt å halde seg i ro ved kajakken, som gav han ei viss oppdrift, i staden for å leggje på svøm, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.

Uviss tilstand

Ambulansehelikopteret som redda mannen opp av fjorden

Ambulansehelikopteret som redda mannen opp frå den iskalde fjorden.

Foto: Hanna Fylling Ellingseter

Politiet veit førebels ikkje kva for tilstand mannen har, etter det ufrivillige opphaldet i fjorden. Men etter å ha blitt heisa opp av ambulansehelikopteret blei mannen tatt inn til land, og blir onsdag ettermiddag undersøkt av helsepersonell.

Som vi alle veit er det veldig kaldt og farleg å liggje lenge i vatnet, seier Harang.

fiksdal