Hopp til innhold

Blanda mottaking for nytt lyskryss

Det nye lyskrysset i Ålesund har fått blanda mottaking blant trafikantane i byen.

Den nye lysreguleringa ved Hellebroa i Ålesund sentrum har fått blanda mottaking. Vegvesenet meiner dette blir bra, men yrkessjåførar meiner at tiltaka er bortkasta og forvirrande.

– Ut ifrå dei eg har snakka med verkar det som bortkasta pengane. Etter at gjerda kom opp ser ikkje vi heilt meininga med lyskrysset, seier Kenneth Remme, styreleiar i Ringtaxi.

Området omkring Hellebrua over Brosundet har i årevis vore eitt av dei vanskelegaste trafikkpunkta i Ålesund.

På det verste strøymer tusenvis av turistar over gangoverfeltet, noko som skapte kaos i trafikken. I løpet av sommaren har også fotgjengarfeltet blitt viska vekk og gjerde har blitt sett opp.

Problematisk

Kenneth Remme

IKKJE NØGD: Kenneth Remme meiner det nye lyskrysset er bortkasta pengar.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Det skulle bli så bra. Hellebrua i Ålesund er ein flaskehals i trafikken, og den nye lysreguleringa skulle løyse problemet. Men lysreguleringa gir likevel ikkje gir betre trafikkflyt, meiner drosjesjåføren.

NRK følgde Remme på ein køyretur rundt i Ålesund sentrum, og over Hellebrua.

– No blei det grønt, og då var det ein bil som kom seg over på dette intervallet, fortel han.

Han meiner at dei nye lyskryssa har for korte intervall til å kunne betre trafikkflyten.

– Fungerer godt

Andreas Bergby

NØGD: Andreas Bergby i Vegvesenet meiner det nye krysset fungerer godt.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Tiltaka er ei mellombels løysing og Statens vegvesen meiner det de har fått til verkar godt.

– Dei som stoppar og snakkar med meg har i stor grad vore positive. Dei tykkjer at det er veldig bra at vi setter i gong tiltak, seier Andreas Bergby i Vegvesenet.

Han seier likevel at dei vil vurdere å gjere justeringar undervegs.

– Tidene på lyskrysset kan endrast. Og så kan det vere andre tiltak vi sett i gong for å skape betre trafikkflyt.

Trafikken over Hellebrua blir nok ikkje helt smidig før Ålesund får pengar til å realisere ei ny bru over sundet. Kanskje får han oppleve det ein gong i framtida.

– Eg håpar det. Eg skal heller spytte inn nokre kroner om det er det som må til, seier Remme.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL