Hopp til innhold

Bil på taket i Rensvikbakken

Det vart kø ved Rensvikbakken i Frei etter ei trafikkulukke torsdag ettermiddag.

Ulykke i Rensvikbakken

Ein bil hamna på taket i ei trafikkulukke i Frei.

Foto: Knut Nordhammer

To biler var involvert i ei ulykke ved byrjinga av Rensvikbakken og avkøyrselen til Hansøya ved Omsundbrua i Kristiansund i 14-tida torsdag.

Ulukka skjedde føraren av den første bilen skulle svinge av til Rensvikholmen, då bil nummer to køyrde inn i bakenden på bilen. Bilen som skulle ta av til Rensvikholmen hamna på taket etter samanstøyten, og fekk hard medfart.

– Ein bil hamna på taket, men det skal berre vere snakk om lettare personskadar, seier operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Føraren av den første bilen vart sendt til sjukehuset i Kristiansund for sjekk, medan føraren av den andre bilen blir frakta til traumemottak ved Molde sjukehus.

Kø forbi skadestaden

Alle naudetatar rykka ut til ulukka som skjedde like etter klokka halv tre.

Det var lenge kø forbi skadestaden, men klokka 15:50 kunne politiet melde at begge bilane var fjerna, og at trafikken gjekk som normalt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL