Hopp til innhold

Bil i stolpe

I Ørsta har ein bil køyrt inn i ein stolpe og ein hage. Den køyrde berre vidare etter uhellet, melder politiet. Ein patrulje kom raskt til staden og dei kjente til kva bil det var. Bilføraren blei difor raskt pågripen, og det er mistanke om køyring i rus.