Hopp til innhold

Autovernet redda tre turistar i Barstadvik

Ein bil med tre utanlandske personar køyrde av vegen fredag ettermiddag. – Dei var veldig heldige, seier politiet.

Bilulukke i Barstadvik

Ein personbil med tre personar i køyrde av vegen i Barstadvik fredag ettermiddag.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Sunnmøre politidistrikt fekk inn melding klokka 14.10 om ein bil som hadde køyrt av vegen.

– Den har køyrt av vegen i Barstadvik ved Vartdalsfjorden. Det er uvisst om nokon er skadd, sa operasjonsleiar Ole Bjørn Harang til NRK klokka 14.40.

Alle naudetatar rykka ut til ulukkesstaden i Ørsta kommune.

– Ikkje køyrbar

Litt seinare kan Harang fortelje at det var tre personar i bilen.

– Vi har ikkje indikasjonar om personskade, men vi vil gjerne at helsepersonell skal få prata skikkeleg med dei. Det er tre personar, alle utanlandske.

Personbilen dei tre sat i er derimot nær totalskadd.

– Bilen er veldig skadd, ikkje køyrbar, slår Harang fast.

Kunne blitt alvorleg

Etter at helse hadde sjekka dei tre personane kunne politiet vidareformidle at dei kom frå ulukka utan skadar.

– Eg kan stadfeste at det ikkje er personskadar. Det har vore eit uhell der bilen køyrde av vegen, blei slengt inn igjen og i autovernet. Dei tre i bilen har vore veldig heldige, seier Harang til NRK.

Han fortel at autovernet truleg redda liv.

– Autovernet hindra at bilen forsvann langt av vegen. Det kunne blitt ei langt meir alvorleg ulukke.

Operasjonsleiaren opplyser til NRK at trafikken flyt fint på staden.

– Når vi får fjerna bilen så avsluttar vi på staden, seier Harang.

Bil av vegen i Barstadvik

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL