Rystene Barnehage - TYPISK: Barna i Rystene barnehage har stort sett berre kvinnelege pedagogar og assistentar i barnehagekvardagen sin. - Foto: Olaug Bjørneset / NRK

TYPISK: Barna i Rystene barnehage har stort sett berre kvinnelege pedagogar og assistentar i barnehagekvardagen sin.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Her arbeider berre kvinner

Ingen av dei fast tilsette ved Rystene barnehage i Ørsta er menn. Dette er ikkje uvanleg. 9 av 10 barnehagepedagogar og assistentar i Noreg er kvinner.

– Det er dramatisk, seier Reidun Mo.

Ho er styrar i Rystene barnehage og snakkar engasjert om kor viktig det er å få fleire menn inn i barnehagen. Når ho skal tilsette vikarar, vel ho alltid mannen framfor kvinna dersom dei elles er likestilte.

– Og det seier eg heilt ærleg til dei også. Det er så viktig å få fleire menn inn i barnehagen. Vi ta slike val, seier ho.

Ingen menn

Reidun Mo har faste møter med tre andre barnehagestyrarar i Ørsta kommune. Alle fire er kvinner. Alle dei fast tilsette i barnehagane dei styrer er også kvinner.

Kva meiner du må til for å få fleire menn inn i barnehagane? Diskuter til slutt i artikkelen.

Styrarane snakkar om alle kampanjane, planane for å få menn inn i barnehagen. Mange av dei utarbeidd av sentrale styresmakter. Men lite har skjedd. Tala er tydelege, og held seg stabilt låge – år etter år.

Stortinget har sidan 1999 hatt som mål å få 20 prosent menn i barnehagane. Talet er framleis under 10 prosent. Og det er dette Reidun Mo meiner er dramatisk.

Barnehagestyrarar i Ørsta - MØTE: Barnehagestyrarane Irene Yksnøy Lianes (frå venstre), Ellen Bjørdal Eikenes, Ellinor Sætre og Reidun Mo er samde om at det er viktig å få fleire menn inn i barnehagane. – Men fagleg kvalitet er sjølvsagt viktigare enn kjønn, seier Ellen Bjørdal Eikenes. - Foto: Olaug Bjørneset / NRK

MØTE: Barnehagestyrarane Irene Yksnøy Lianes (frå venstre), Ellen Bjørdal Eikenes, Ellinor Sætre og Reidun Mo er samde om at det er viktig å få fleire menn inn i barnehagane. – Men fagleg kvalitet er sjølvsagt viktigare enn kjønn, seier Ellen Bjørdal Eikenes.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det er eit problem i barnehagen, og det er etter kvart blitt eit problem i skulen. Eg synest faktisk det er dramatisk at borna skal møte berre damer både i barnehagen og på skulen, seier Reidun Mo.

Ho får støtte frå dei andre.

– Det handlar om identitet. Det er veldig viktig at begge kjønn er representerte, seier Irene Yksnøy Lianes som er styrar i Kløverhagen barnehage.

Oisann, innholdet som skulle vises her støttes ikke lenger. Vi beklager!

Fellesskap

Mosmarka barnehage - FLEIRE: Styrar Arnt-Helge Bjerknes i Mosmarka barnehage meiner det er viktig å ikkje vere åleine som mannleg tilsett i barnehagen. - Foto: Olaug Bjørneset / NRK

FLEIRE: Styrar Arnt-Helge Bjerknes i Mosmarka barnehage meiner det er viktig å ikkje vere åleine som mannleg tilsett i barnehagen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Eit par kilometer unna nettverksmøtet i Rystene barnehage er det pølsefest. Nokre av borna ved Mosmarka barnehage er ute i skogen og grillar pølser over bålet.

Arnt-Helge Bjerknes har vore styrar her sidan 1997. Same året fekk han med seg Jan Egil Gretland, som gjekk siste året på førskulelærarutdanninga i Volda. Johan Raisio er den tredje mannen som er fast tilsett. Og så har dei to mannlege vikarar.

Altså er det no 5 menn av 25 tilsette i Mosmarka barnehage. Kanskje ikkje oppsiktsvekkjande jamn kjønnsfordeling, men sett med barnehageauge er dette bra.

Arnt-Helge Bjerknes - START TIDLEG: Arnt-Helge Bjerknes meiner ein må starte med ungdomsskuleelevane for å få fleire menn inn i barnehagen. - Foto: Olaug Bjørneset / NRK

START TIDLEG: Arnt-Helge Bjerknes meiner ein må starte med ungdomsskuleelevane for å få fleire menn inn i barnehagen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Det at Jan Egil og eg var to menn frå starten har nok hatt betydning både for meg og han. Vi var to. Det er enklare då, seier Arnt-Helge Bjerknes.

– Eg var åleine mann i barnehagane eg jobba i dei to første åra av karrieren. Det var ikkje noko gale med kvinnene som jobba der, men det blir eit anna miljø. Det er veldig greitt å vere fleire menn.

Han har to gode tips til dei som skal prøve å få fleire menn til å bli barnehagepedagogar.

– Først og fremst må vi ut med bodskapen om at dette er ein kjempefin jobb – også for menn. Og det er for seint på vidaregåande når mange alt har staka ut kursen. Vi må starte på ungdomsskulen. For det andre må løna opp. Eg trur menn er meir opptekne av løn enn kvinner. Det er ikkje så lett å velje utradisjonelt når du taper på det økonomisk også, seier han.

Klatrestativ

Maja Romestrand Hjelle (4,5) - RAMPETE: Maja Romestrand Hjelle (4,5) meiner mennene i barnehagen er rampete. - Foto: Olaug Bjørneset / NRK

RAMPETE: Maja Romestrand Hjelle (4,5) meiner mennene i barnehagen er rampete.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Dei er rampete, seier Maja Romestrand Hjelle (4,5), og siktar til Jan Egil Gretland og Johan Raisio.

– Dei tøysar med meg og det likar eg veldig godt. Men av og til lagar dei mat også, forklarar ho.

Arnt-Helge Bjerknes fortel at det ofte skjer noko spesielt når det dukkar opp ein mann i ein barnehage.

– Den første tida er du som eit flugepapir på borna. Du blir lett eit klatrestativ. Etter kvart går det seg til. Dei forstår at også du er der på lik linje med dei andre vaksne, seier han.

Spesielt

Bjerknes er utdanna førskulelærar frå Høgskulen i Volda. På hans kull var der 60 studentar. 2 av dei var menn.

– Det var veldig spesielt. Heldigvis kom eg godt overeins med han andre som gjekk der. Elles trur eg faktisk ikkje eg hadde fullført, seier han.

– Kvifor ikkje?

– Eg hadde ikkje så mykje til felles med kvinnene på studiet. Hadde heilt andre interesser. Mange av dei var også alt godt etablerte, fortel han.

Fleire menn no

Erik-André Fredriksen - FANTASTISK: Erik-André Fredriksen arbeidde eit år i barnehage etter vidaregåande. Det gav meirsmak.NRK

FANTASTISK: Erik-André Fredriksen arbeidde eit år i barnehage etter vidaregåande. Det gav meirsmak.

Foto: NRK

Det er rundt 20 år sidan Arnt-Helge Bjerknes starta på si utdanning. Dei mannlege studentane ved førskulelærarutdanninga i dag har litt fleire av same kjønn i klassa.

Erik-André Fredriksen er ein av 6 gutar, av totalt 42 elevar, som starta på utdanninga hausten 2011.

– Eg var ikkje klar til å starte på studiar etter vidaregåande, så eg fekk meg jobb i ein barnehage. Det var utruleg kjekt å få jobbe med barn.

– I tillegg er begge foreldra mine pedagogar, så det har hatt veldig mykje å seie for at eg valde denne utdanninga, seier Fredriksen.

LES OGSÅ:

Skal rekruttere

Fredriksen reiser denne veka til Bergen på utdanningsmesse for å vere med på å rekruttere fleire mannlege studentar til studiet. Han trur det er viktig å vise at dette er eit yrke som passar like godt for menn som for kvinner.

– På messa vil eg fortelje om kor fantastisk dette yrket er, og kanskje avlive nokre mytar, seier han.

Førskulelærar - SKAL REKRUTTERE: Erik-André Fredriksen er klar for å reise til Bergen for å rekruttere nye studentar til førskulelærarutdanninga i Volda, og helst fleire menn. - Foto: Olaug Bjørneset / NRK

SKAL REKRUTTERE: Erik-André Fredriksen er klar for å reise til Bergen for å rekruttere nye studentar til førskulelærarutdanninga i Volda, og helst fleire menn.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Erik-André Fredriksen meiner det er viktig for rekrutteringa at mannlege studentar og førskulelærarar er synlege og informerer om kva jobben går ut på. Men også han trur løn er nøkkelen til å få betre kjønnsbalanse i barnehagane.

– Gutane som går ut av vidaregåande er nok veldig opptatt av kva løn dei får etter enda utdanning.

LES OGSÅ:

– Må vere stolte

Elisabeth Welle er studieleiar ved førskulelærarutdanninga i Volda. Ho meiner rekrutteringa av menn til utdanninga, må starte tidleg.

– Førskulelærarane må vere stolte over yrket sitt. Denne haldninga kan vi arbeide med i utdanninga. Barnehageeigarane bør få mannlege førskulelærarar til å gå ut som ambassadørar og fortelje at det er kult å jobbe i barnehage. Vi må starte rekrutteringa alt i grunnskulen, seier Welle.

Elisabeth Welle - STOLT: Elisabeth Welle, studieleiar ved førskulelærarutdanninga i Volda, meiner førskulelærarane må vere stolte av jobben sin. - Foto: Olaug Bjørneset / NRK

STOLT: Elisabeth Welle, studieleiar ved førskulelærarutdanninga i Volda, meiner førskulelærarane må vere stolte av jobben sin.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Welle støttar tanken om at høgare løn kan føre til fleire menn i barnehagane.

– Men førskulelærarane kan ikkje lene seg tilbake og forvente at andre skal ordne høgare status og dermed høgare løn. Førskulelærarane må gå saman og synleggjere at det er ein føresetnad for kvalitet i barnehagen at det er nok førskulelærarar. Vi må vere stolte over yrket vårt, og fortelje at vi har verdas viktigaste jobb.

– Vi tar oss av det viktigaste foreldra har, og fortener høgare status, seier ho.

Ho meiner at både høgskulane, sentrale styresmakter og Utdanningsforbundet har ein jobb å gjere for å få fleire menn inn i barnehagane.

– Men førskulelærarane må også sjølve gripe tak i dette. Det må bli slutt på å seie: "Eg er berre førskulelærar". Dette er verdas viktigaste jobb, seier Welle.

Møter berre kvinner

Mange norske barn bur med mor. Dei har berre kvinnelege føredøme i barnehagen, og kanskje også i grunnskulen.

«Vi er heldige som har menn som tener så mykje at vi har råd til å jobbe i barnehage.»

Irene Yksnøy Lianes

Barnehagestyrarane som har nettverksmøte på Rystene barnehage i Ørsta har delte meiningar om korleis dette kan løysast. Men dei har eit håp om at ting er i endring.

– Det er i alle fall fleire fedrar som hentar og leverer no enn før. Vi må kanskje starte med dei. Fortelje dei kor bra det er å jobbe i barnehagen, og at det kan vere eit fint yrke for deira søner, eller andre gutar dei kjenner, seier Ellinor Sætre.

Rystene barnehage - KVINNEDOMINANS: Styraren i Rystene barnehage, Reidun Mo, er opptatt av å rekruttere menn. Likevel har ho berre kvinnelege tilsette. – Vi har heldigvis inne ein mannleg vikar med jamne mellomrom, seier ho. - Foto: Olaug Bjørneset / NRK

KVINNEDOMINANS: Styraren i Rystene barnehage, Reidun Mo, er opptatt av å rekruttere menn. Likevel har ho berre kvinnelege tilsette. – Vi har heldigvis inne ein mannleg vikar med jamne mellomrom, seier ho.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Men Reidun Mo er ikkje i tvil om kvar nøkkelen ligg.

– Vi har prøvd det meste. Men det handlar om løn. Framleis trur eg det er slik at mannen er hovudforsørgar i dei fleste familiar. Det er ikkje lett når du har studielån og ei startløn som så vidt bikkar 300.000 kroner, seier Mo.

– Ein medarbeidar sa til meg at vi er heldige som har menn som tener så mykje at vi har råd til å jobbe i barnehage. Det seier litt, slår Irene Yksnøy Lianes fast.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Siste video/lyd

Sjølv om dei nesten er naboar med Ivar Aasen sin heimgard i Ørsta, er det ikkje alle skuleborn som veit like mykje om nynorskhøvdingen. Difor inviterer Aasen-tunet 3.klassar frå området til å lære meir....
Folk som har arbeidsmiljøskader blir tappet for krefter i kampen for å komme seg videre i livet.
Mange har problem med å få sykdommen godkjent som yrkesskade.
Rådmann Jarle Bjørn Hanken har sagt opp stillinga si i Ålesund. Han skal over til fylkesmannen i Aust-Agder for å jobbe med kommunereforma. Det kom overraskande på leiinga i Ålesund kommune at Hanken sluttar etter to år..