Hopp til innhold

Bergen vil ha Volda

Universitetet i Bergen vil samarbeide med Høgskulen i Volda for å utvikle forsking og høgare utdanning på Vestlandet. Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen seier at Høgskulen i Volda har fleire interessante fagmiljø. Rektor Johan Roppen ved Høgskulen set pris på invitasjonen, men seier dei må tenkje gjennnom kva det har å seie for høgskulen og for Volda som studiestad å gå inn i eit meir forpliktande samarbeid. Invitasjonen frå Bergen blir handsama på eit styremøte 24.september.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL