Hopp til innhold

Ber statsråd fjerne ferje

Protestane har vore store mot at den 28 år gamle reserveferja "MF Ullensvang" skal setjast inn på fulltid i eitt av dei mest trafikkerte ferjesambanda i Møre og Romsdal. No ber stortingsrepresentant Oskar Grimstad (FrP) statsråden gripe inn.

MF "Ullensvang"

Det har kome fleire protestar mot at reserveferja 'MF Ullensvang' skal setjast inn i sambandet Hareid-Sulesund frå januar.

Foto: Erik Ask (bergenships.com)

Ferjestrekninga Hareid-Sulesund er mykje brukt av pendlarar. Protestane mot å erstatte ei av dei faste ferjene med den 28 år gamle "MF Ullensvang", har difor ikkje latt vente på seg: Både pendlarar, næringsliv og lokalpolitikarar har tidlegare vore kritiske til ferjeselskapet Norled sine planar.

Oskar Grimstad
Foto: Terje Reite

Ferja har to dekk og løftelem, som gjer at det tar forholdsvis lengre tid å tømme ferja enn for nyare fartøy. Grimstad trur dette vil føre til vanskar for dei reisande.

–Ein klarer ikkje å fylle ferja fort nok, og ein klarer heller ikkje å tømme fort nok til at ein klarer å halde rutetida. Dermed kjem ein heilt ut på viddene og greier ikkje å halde dei rutefrekvensene som er sett opp, seier han.

Vil ta saka opp med statsråden

Grimstad har no skrive brev til samferdselsminister Kjetil Solvik Olsen der han ber han sjå på problemet. Grimstad meiner løysinga er å behalde dei ferjene som normalt går i sambandet.

–Eg håper han er samd med meg i den disponeringa eg skisserer i brevet, slik at vi får behalde det materiellet som klarer jobben og som er moderne, seier han.

"MF Ullensvang" blei i vår sett inn som reserveferje i sambandet Hareid-Sulesund. Den gongen ba Norled om tolemod før dei konkluderte med at ferja ikkje kunne nyttast.