Hopp til innhold

Beinhard kamp om ordførarvervet i Rauma

Det blir ein svært jamn og spennande kamp om kven som blir ordførar i Rauma. Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har gått saman om å utfordre Høgre-ordføraren Lars Olav Hustad.

Kjølmoen Hustad Vik

Per Vidar Kjølmoen, Lars Olav Hustad og Magnhild Vik er dei mest aktuelle ordførarkandidatane i Rauma.

Foto: Montasje / NRK

Vallogo

Lars Olav Hustad har vore ordførar i Rauma dei siste fire åra. Han har markert seg som ordførar, og var sterkt framme i media då deler av fjellpartiet Mannen sto i fare for å rase ned i Romsdalen.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har gått saman for å utfordre Lars Olav Hustad. Men før valet har dei ikkje ein felles ordførarkandidat. Her får valet avgjere om dei stiller seg bak Per Vidare Kjølmoen (A) eller Magnhild Vik (Sp).

Per Vidar Kjølmoen representerer Arbeidarpartiet. Mange kjenner Kjølmoen som leiar i Møre og Romsdal Arbeidarparti. Magnhild Vik er kjend for dei fleste som deltakar i programmet Farmen på TV2.

Valgdebatt Rauma

Frå valdebatten i Rauma tysdag kveld.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dermed er det altså to sider som står mot kvarandre i Rauma, med tre ordførarkandidatar. Og når valet nærmar seg er frontane skarpe.

No er det ingen som veit utfallet. Og det er svært spennande, seier fleire av dei NRK møter under valdebatten i Rauma tysdag kveld.

Det var stor stemning og fullt hus under debatten. Det var stor semje om vegvala i Rauma. Men tonen var krass. Og hovudspørsmålet er kven som skal vere ordførar dei komande åra.

Arbeidarpartiet sin kandidat, Per Vidar Kjølmoen, går hardt ut mot Lars Olav Hustad.

Eg er sjokkert over at han nektar å diskutere korleis han skal kutte i kommuneøkonomien før valet er over. Dette er ureieleg overfor veljarane i Rauma, seier Kjølmoen til NRK.

– Men er du meir konkret i prioriteringane dine?

– Eg forsøker å vere så konkret som eg klarer. Vi skal skjerme dei svakaste gruppene. Vi skal skjerme vekstselskapet Nordveggen for å halde trykk på utviklingsområdet. Lovnader ut over dette kan eg ikkje gje, seier Kjølmoen.

Valdebatt Rauma

Det var stor stemning under valdebatten i Rauma tysdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Høgreordførar Lars Olav Hustad meiner at Arbeidarpartiet overdriv kraftig.

– Vi skal sjølvsagt ha fokus på økonomi. Men dette er det einaste punktet Arbeidarpartiet har. Dei har ingen ting anna å kome med. Dei har ingen tankar om samfunnsutvikling, ingen tankar om korleis Rauma skal sjå ut i 2030. Det som er skuffande er at vi har hatt eit utmerka samarbeid med Arbeidarpartiet. Vi hadde ein glimrande varaordførar frå Arbeidarpartiet som samarbeidde godt. Men så får vi ein formidabel kursendring frå Arbeidarpartiet. Det er utruleg skuffande, seier Hustad.

Magnhild Vik frå Senterpartiet legg vekt på at heile Rauma må utviklast, og ikkje berre sentrum som har bystatus.

Vi legg vekt på å utvikle heile kommunen. Og no er det opp til veljarane å avgjere kven som skal få ordføraren. Det partiet som får flest mandat får ordføraren. Dette er heilt grunnleggjande og eit uttrykk for respekt for veljarane.