Hopp til innhold

Brukar meir tid på å kjøpe barnevogn enn bil

Barnevogna har blitt eit statussymbol. Enkelte mødrer er innom butikken sju gongar før dei klarer å bestemme seg for kva vogn dei skal kjøpe.

Barnevogner

Å kjøpe riktig barnevogn kan vere ein heil vitskap. Det er stor forskjell på om barnevogna skal brukast på bytur eller i terrenget.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det å kjøpe vogn er ein heil vitskap. Skal du ha bagvogner, duovogn, joggevogn, kombivogn og kva med luftdekk, støytdemparar, vendbart sete?

Tine K. Ebbestad

Tine K. Ebbestad er på bootcamp saman med sonen Kasper. Ho likar joggevogna godt, men synest det er upraktisk at ho ikkje kan ha blikkontakt med sonen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Eg forstår at folk vert forvirra. Det vanskelege med å finne den rette vogna er at den må vere lita nok til å få inn i bilen, seier Tine K. Ebbestad.

To gongar i veka går ho på bootcamp i parken i Ålesund saman med sonen Kasper (17 mnd). Treninga går føre seg med barnevogn og då er det viktig at den er robust. Kasper har sove lenge i dag og er ikkje heilt gira på å sitje i joggevogna medan mamma spring.

Har ikkje blikkontakt

Ho er nøgd med vogna, men synest det er upraktisk at Kasper sit vendt frå henne, slik at dei ikkje kan ha blikkontakt. Vogna er importert frå Tyskland via internett. Dette er andre vogna ho har sidan Kasper vart fødd.

– Det verkar som om mange mødrer brukar mykje tid på å finne rette vogna, seier Ebbestad. Sjølv brukte ho ikkje veldig lang tid før ho fann vogna ho ville ha.

Klarer ikkje bestemme seg

Ved Babycomfort i Ålesund opplever dei at enkelte foreldre er innom butikken både fem og seks og sju gongar før dei klarer å bestemme seg for kva vogn dei skal kjøpe. Butikksjef Wenche Lie Åkre seier at for ti år sidan kjøpte folk stort sett barnevogner frå ein produsent.

– I dag er utvalet enormt og difor kan det vere vanskeleg å bestemme seg. Faktisk vanskelegare enn å kjøpe seg ny bil, seier Lie Åkre.

Ser mest på utsjånaden

Også hos butikken Småtroll i Molde stadfestar dei at det er mange forvirra foreldre ute og går. Dagleg leiar Leif Tore Bolsø fortel at mange har sett seg ut ei fin vogn på førehand, utan å tenkje over korleis den skal brukast.

– Mange tenkjer ikkje over at små hjul er vanskeleg i ulendt terreng eller at vogna dei har sett seg ut har så liten plass at babyen ikkje kan bruke vinterpose i den, seier Bolsø.

.

Høgteknologi

Wenche Lie Åkre

Wenche Lie Åkre forstår at mange har vanskar for å bestemme seg. Enkelte er innom sju gongar før dei tek valet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ute er det sommartemperaturar og i butikken er det ikkje ein einaste kunde. Butikksjefen gir ein demonstrasjon på vogna med mest teknologi. Den har køyrelys, computer som viser alt frå temperaturen der barnet sit, til kor mange kaloriar ein forbrenn på turen. Med berre eit enkelt trykk slår vogna seg saman sjølv. Prislappen er på 12.000 kroner.

– Barnevogna har blitt eit statussymbol. Det er viktig å ha ei fin vogn, seier Lie Åkre.

Ho opplever at det er mødrene som har det siste ordet i val av vogn. Mange fedrar er også engasjert og dei er spesielt interessert i felgar, dekk og teknologi.

Vaksne mødrer i tenkeboksa

Hennar erfaring er at unge mødrer har gjort mykje research på internett på førehand og veit nøyaktig kva dei skal ha i butikken. Godt vaksne mødrer kan ha vanskelegare for å bestemme seg.

Det at utvalet er så stort, gjer at det er umogleg å ha alle vogntypane på lager. Produsenten startar ofte ikkje å lage vogna før bestillingane ligg inne. Dermed må framtidige foreldre bestille i god tid.

Understell og hjul

Kristin Vedvik er også på bootcamp saman med den tre månader gamle babyen sin. Det at alle har ulike meiningar om kva som er den beste vogna og at utvalet er så stort, trur ho er med på å gjere småbarnsforeldre forvirra. Alle ynskjer å finne utstyret som er aller best for barnet. Men når ei vogn har mange ulike understell og hjul å velje mellom, kan det vere vanskeleg å bestemme seg, seier Vedvik. Ho meiner val av vogn må spegle att livsstilen din.

– Skal du mykje ut i ulendt terreng, kjøper du ikkje ei jålevogn, fastslår Vedvik.