Hopp til innhold

Dei er med på å kartlegge farar i trafikken

På eitt felt veit ungdom meir enn både ingeniørar og politikarar. I Kristiansund er dei nemleg med på å planlegge ny bypakke.

Høyringar er noko som vanlegvis er for vaksne. Men når ein ny innfartsveg skal på plass i Kristiansund, er det også viktig å ta med barn og unge. På eitt felt veit dei meir enn både ingeniørar og politikarar.

Niandeklassingane ved Nordlandet ungdomsskule i Kristiansund var ivrige med dei farga tusjane.

Bente Elshaug i plan- og bygningsrådet i Kristiansund kommune

Bente Elshaug i plan- og bygningsrådet i Kristiansund kommune.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Høyringar er noko som vanlegvis er for vaksne. Men når ein ny innfartsveg skal på plass i Kristiansund, er det også viktig å ta med barn og unge.

– Vi får elevane til å kartlegge og teikne på kart kor dei går eller syklar, seier Bente Elshaug i plan- og bygningsrådet i Kristiansund kommune.

Kartegger trafikkfare i Kristiansund

Med farga tusj strekar elevane ut kor dei går.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

På Nordlandet ungdomsskule i Kristiansund har ungdommane samla seg i grupper. I hendene har dei farga tusj og på bordet framfor seg ligg eit stort kart.

Arbeidsmåten, som heiter barnetråkk, skal gi ei oversikt over kor barn og unge beveger seg.

Kartlegger trafikkfare

Kartlegger farer i trafikken i Kristiansund

Barna er veldig engasjerte i oppgåva dei fekk frå kommunen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Elevane får spørsmål om kor dei bur og kor skulen ligg. Dei må også svare på kor dei syklar eller går når dei skal desse plassane.

Eit viktig punkt som Statens vegvesen vil vite meir om er kor elevane syns det er trafikkfarleg.

– I dette området ser ikkje du akkurat når bussen kjem, seier niandeklassingen Ole Martin Lund Johansen medan han peiker på kartet.

Han håper at vegvesenet vil lytte til observasjonane deira. Dei kan bli viktige når vegvesenet skal planlegge nye gang- og sykkelvegar.