I Ellingsøy barnehage i Ålesund er det snart klart for lunsj. Etter nesten to timar med leik ute er det mange barn som er kalde.
I garderoben står Turid Stette og gir ei hjelpande hand. Ho er plasstillitsvald for Utdanningsforbundet og ein av dei mange tusen som skal ut i politisk streik onsdag.
– Det nye forslaget til arbeidsmiljølov gir arbeidsgivar større makt og i nedgangstider kan det ramme arbeidstakarane hardare. Spesielt kan det bli vanskeleg for dei unge som er på veg inn i arbeidsmarknaden, seier Stette.
Nye reglar
Det er dei tre største arbeidstakarorganisasjonane LO, YS og Unio som står bak den politiske streiken frå klokka 14 til 16 onsdag. Til saman har dei nærare 1,5 millionar medlemmar.
LES OGSÅ:
Regjeringa ynskjer å endre arbeidsmiljølova og opnar for fleire mellombels stillingar, lengre arbeidstid og nye reglar for overtid.
LES OGSÅ:
Foreldre får problem
Lillian Raudøy er også barnehagetilsett i Ellingsøy barnehage. Ho er plasstillitsvald for Fagforbundet og er stolt over barnehagen har full oppslutnad om den politiske streiken frå dei tilsette.
Ingen foreldre har klaga over at dei må hente barna tidlegare denne onsdagen, sjølv om dei får trøbbel med barnepass. Raudøy trur mange anten må ta seg fri tidlegare frå jobb eller ta med seg barna på slutten av dagen.
– Eg har høyrt at enkelte foreldre er glade for at vi står opp for det som er viktig både for oss og dei, seier Raudøy.
Utan fast jobb
Dei to tillitsvalde meiner at på kort sikt er det forslaget om å opne for fleire midletidige stillingar som først vil merkast i barnehagane. Konsekvensen kan bli at barnehagetilsette går i vikariat i årevis utan å få fast jobb.
– Vi deltek også i streiken for å vere solidariske med andre. Vi skal passe barna til sjukepleiaren som i yttarste konsekvens kan måtte jobbe 30 helger på rad, seier Stette.
Meiner dei overdriv
Arbeidsminister Robert Eriksson synest arbeidstakarorganisasjonane overdriv når dei går til generalstreik, og han stiller spørsmål om kva grunnlag dei streikar på.
– Dei forslaga vi har lagt fram ivaretek dagens trygge bestemmingar om kor mange timar, kor mange søndagar og kor mykje overtid ein kan jobbe, seier Eriksson.