Det var 27. juni i 2014 at fire år gamle Adrian Gjærde vart kvelt av snora frå ein barnehagesekk. Personalet fann guten livlaus og livet stod ikkje til å redde. Statsadvokaten bestemte at Blindheim barnehage får eit førelegg på 50.000 kroner for ikkje å ha gode nok rutinar for å hindre ulykker. Fristen for å gi tilbakemelding gjekk ut fredag førre veke og i dag fekk statsadvokaten beskjed om at barnehagen vedtar bota.
– Barnehagen erkjenner ikkje straffskuld og vedtar førelegget i eit forsøk på å få ro i den tragiske saka, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim til NRK.
Ho seier at ein treng ikkje erkjenne straffskuld for å vedta eit førelegg, og dette er noko statsadvokaten opplever frå tid til anna.
Advokaten til barnehagen vil ikkje uttale seg i saka.
Fireåringen kan ha vore utan tilsyn så lenge som 30 minutt. Foreldra har gått ut i media og sagt at dei ikkje ser på dødsfallet som ei ulykke, men ein totalsvikt frå barnehagen.
Må ta ansvar
Geir Gjærde, far til Adrian, seier at sjølv om barnehagen ikkje erkjenner straffskuld, er det dei som må ta ansvaret for ulukka.
– Vi som foreldre reagerer på at barnehagen ikkje erkjenner straffskuld. Grunngjevinga for foretaksstraffen er klar på at barnehagen var aktlause. Det ansvaret kan dei ikkje springe frå, seier Gjerde.
Klaga på henlegging
Foreldra har vore opptekne av at saka skulle kome opp for retten. Dei har klaga på at tiltalen mot styraren i barnehagen vart henlagt.
– Vi er opptekne av at ingen andre foreldre skal måtte oppleve det same som oss. Difor ville vi få saka prøvd for retten, seier Gjærde. Dei vil vurdere om dei skal gå til sivilt søksmål mot barnehagen.
LES OGSÅ: