Hopp til innhold

Banksjefar tapte mot Sparebanken Møre

Sjefane som gjekk til sak mot Sparebanken Møre fekk ikkje medhald i retten, det skriv Sunnmørsposten.

Sparebanken Møre, hovudkontoret i Ålesund

Sjefane som gjekk til sak mot Sparebanken Møre fekk ikkje medhald i retten.

Foto: Odd Sørås / NRK

Det var tidlegare i år at fleire banksjefar i Sparebanken Møre følte seg snytt for AFP-pensjon, og valde å gå til sak mot Sparebanken.

Saka kom opp for Sunnmøre tingrett i november, og no er dommen klar.

Saksøkarane meinte at dei hadde blitt gitt feilaktig informasjon om dei var kvalifiserte til å ta imot AFP i tillegg til den pensjonen som dei alt hadde krav på. Dei gjekk til sak med krav om erstatning for det dei tapte med å ikkje bli rekna med i AFP-ordninga.

– Banksjefar eller liknande med avtalt pensjonsalder på 65 år, som er fødd i 1955 eller tidlegare, vil ikkje rekke å opparbeide nok ansiennitet til å få innvilga ATP etter dei nye reglane, lyder rettens vurdering ifølgje Sunnmørsposten.

Har eit ansvar for å halde seg informert

I dommen blir det også lagt stor vekt på at banken ikkje har eit pålagt informasjonsansvar i forhold til kven av dei tilsette som får ATP, og at arbeidstakarane har sjølv eit ansvar for å innhente informasjonen frå andre kjelder.

Saksøkarane blei også dømt til å betale sakskostnader på totalt 543.550 kroner.