Hopp til innhold

Stortalentet har forlenga ut 2017 med Hødd

Fredrik Aursnes (18), tidenes yngste noregsmeister i fotball, har forlenga med blåtrøyene frå Ulsteinvik ut 2017-sesongen.

Nevstad og Aursnes

Dagleg leiar og sportssjef i IL Hødd, André Nevstad, er fornøgd med å ha forlenga kontrakten til midtbanespelar Fredrik Aursnes.

Foto: IL Hødd

Det melder Hødd i ei pressemelding fredag.

Fredrik Aursnes kom til Hødd frå naboklubben Hareid som 16-åring. Han spelte seg kjapt til ein fast plass på midtbana til Hødd og blei tidenes yngste cupmeister då laget frå Sunnmøre tok cupgull i 2012.

Kontrakten hans gjekk ut 2015-sesongen, men onsdag forlenga Aursnes med Hødd ut 2017-sesongen.

Klubben omtalar han som ein nøkkelspelar i laget. Han spelte sin 100. kamp i den blå trøya i treningskampen mot Aalesund tysdag. Mot Tromsdalen borte søndag får han truleg sin 101. kamp.

Aursnes står så langt med ti mål for Hødd.

– Spelar utanom det vanlege

Sportssjef og dagleg leiar i IL Hødd, André Nevstad, omtalar 18-åringen som éin av dei av dei «aller beste midtbanespelarane i 1. divisjon».

– Han er sjølvsagt ein viktig brikke i vårt mannskap, seier Nevstad, før han held fram:

– Fredrik er ein spelar litt utanom det vanlege, som vi skal ta godt vare på og som vi skal utvikle vidare. I tillegg til den lovande fotballspelaren er han ein flott og jordnær gut som har alle moglegheiter til å nå langt med fotballen.

Nevstad fortel at Hødd skal gjere det dei kan for å hjelpe han vidare på vegen.

Aursnes: – Har ambisjonar

18-åringen sjølv føler han framleis kan utvikle seg vidare i Hødd i rolla på midtbanen.

– Vi har eit spennande lag på gang med mange ambisiøse og gode fotballspelarar, eit engasjert og dyktig team rundt laget, og neste sesong står Nye Høddvoll klar, seier Aursnes.

Han fortel at dialogen med Hødd er tett – dersom tilbod skulle dukke opp frå andre toppklubbar.

– Eg har sjølvsagt ambisjonar om å nå lengst mogleg med fotballen og spele på høgast mogleg nivå, men på kva tidspunkt det kan skje veit ein aldri.