Hopp til innhold

Politiet åtvarar mot å satse på naudpass

Kvart år opplever politiet lange passkøar i sommarsesongen. Spesielt har det vore ei auke i talet på naudpass.

Politikontor over heile landet opplever stor pågang av folk som treng naudpass i sommar. Mange gløymer rett og slett å sjekke passet i god tid før avreise.

NAUDPASS: Stadig fleire er seint ute med å sjekke passet før avreise og må difor ty til naudpass.

– Vi har hatt utruleg stor pågang i mai, juni og juli. Det er dessverre mange som er ute i siste liten, seier Eva Grotle ved passkontoret til Sunnmøre politidistrikt.

Sjølv to veker ut i juli kan politi over heile landet melde om stor pågang på passtenestene.

Auke i naudpass

Spesielt har det vore ei auke i reisande som må få utskriven naudpass før avreise. I 2012 kunne politiet melde om totalt 31 102 som måtte ty til naudpass.

Naudpasset kan skrivast ut dersom passet har gått ut på dato, og du ikkje rekker å bestille eit ordinært pass før avreise. Grotle åtvarar likevel remisane om å vente til siste stund med å sjekke passet.

nødpass

NAUDPASS: Mona Nerland har sendt ut mange naudpass denne sommaren.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Naudpasset kan berre nyttast ein gong. I tillegg er det ikkje alle land som tilsett naudpass. Naudpass kan blant anna ikkje nyttast for innreise til USA, seier ho.

I tillegg er det fleire land som krev at passet har vore gyldig i minst seks månader før avreise.

– Det er dessverre mange som har forbetringspotensial på dette området, held ho fram.

Sjølv om det er viktig å undersøkje om alle i reisefølget har gyldige pass, så er det spesielt viktig å sjekke om barna som skal reise har gyldige pass.

– Pass til barn har ofte kortare gyldigheit enn vaksne, og må difor fornyast oftare, seier Grotle.

Politiet gjekk også ut på Twitter og Facebook for å oppmode folk om å sjekke passet i god tid.

TWITTER
Foto: sKJERMDUMP

Når uhellet fyrst er ute

Også ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt har dei merka ei klar auke naudpass. Skulle uhellet fyrst vere ute har Mona Nerland, konsulent ved Molde politistasjon, desse tipsa.

– Fyrst og fremst må du personleg møte opp på politikontoret, seier Nerland.

nødpass

GODE RÅD: Mona Nerland på Molde politistasjon har gode råd til dei som er seint ute.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Så må du ha med billetten for å vise at du skal ut å reise. I tillegg må du ta med to gyldige passbilete og tidlegare sende ut pass dersom du har det, held ho fram.

Naudpasset blir gyldig på staden. Ho vektlegger likevel at det er viktig å hugse at passet berre kan nyttast ein gong, og skal leverast tilbake anten på grensestasjonen eller på det lokale politikontoret når du kjem heim.

– Det er mykje betre å sjekke passet i god tid i staden for å ta sjansen på naudpass. Då slepp ein også å betale dobbelt opp for passet, seier Nerland.

Ho påpeikar at det ikkje tek lang tid å fornye passet, men at ein likevel bør vere ute i god tid.

– Vi har ei garantitid på ti arbeidsdagar, så det tek ikkje så lang tid å få utskriven eit nytt pass. Men ein kan fornye passet heile året rundt, ikkje berre om sommaren, seier ho.

Hadde flaks

Siri Gabrielle Engh var ein av mange som hadde tatt turen til Molde politistasjon for å fornye passet i dag.

nødpass

KØ: Det var mange som hadde møtt opp på politistasjonen i Molde i dag.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Vi skulle bestille tur til Thailand i går og då oppdaga eg at passet hadde gått ut på dato, seier Engh.

– Eg blei utruleg stressa og byrja å undersøke kva eg måtte gjere for å få eit nytt pass, held ho fram.

Ho var likevel ein av dei heldige og vil få eit nytt pass i posten før avreise og som slepp å ty til naudpasset.

– Det er litt under to veker til eg skal reise, så det ser ut til at eg rekk det akkurat, seier ho letta.