Hopp til innhold

– Angrar på at eg ikkje fjasa meir

Han syns vi godt kunne vore meir bedagelege og at det er vel verd å sløse litt meir med tid. Når Are Kalvø i morgon har urpremiere på si nye soloforestilling på Det Norske Teatret vil han lære publikum meir om korleis vi bruker tida vår.

Are Kalvø

Are Kalvø, opphavleg frå Stranda, har premiere på nytt show i Oslo fredag.

Foto: Scanpix

Are Kalvø

Are Kalvø er ein av dei mest profilerte komikarane i Noreg.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Han har vore ein av dei mest profilerte komikarane i Norge over fleire år og marknadsfører seg sjølv som landets 57. morsomste mann. I fjor presenterte strandaren ei ny og oppdatert grunnlov i ein tv-serie på NRK. Men når han no er klar med nytt sceneshow, er det altså tida og korleis vi brukar den som er tema.

– I korte trekk er det ting som tyder på at det er mogleg å bruke tida si annleis og meir fornuftig, men samtidig meiner eg at det er lurt å bruke tida på ufornuftige ting og sløse litt med tid, seier Kalvø til NRK.

Meiner folk burde bli meir bedagelege

Are Kalvø er aktuell med showet "Kalvø.

Torsdag er det generalprøve på framsyninga 'Kalvø' før premieren fredag.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Har du dårleg samvit for å bruke tida på såkalla ufornuftige ting, er det nemleg mogleg du finn trøyst hos Kalvø. Han slår eit slag for å ta livet meir med ro.

– Ja folk burde absolutt ta livet meir med ro. Dersom du er god til det, vil du til slutt kanskje bruke hjernen din til å kome på noko smart. Det er den dagen eg går og ventar på. Det har rett nok ikkje skjedd enno, men kanskje ein dag, seier han.

– Men meiner du at samfunnet no har blitt slik at vi hastar litt for fort av garde?

– Samfunnet har vel eigentleg utvikla seg slik at dei fleste av disponerer meir av tida si sjølve enn dei gjorde før, men vi er også veldig flinke til å finne ting å fylle den tida med, så vi får det travelt like vel, seier komikaren.

Han viser mellom anna til at dei fleste av oss ikkje må slite i så mange timar kvar dag med fysisk arbeid som dei gjorde i gamle dagar.

Skulle gjerne gjort mindre lekser

Om noko skal kunne karakteriserast som vekkasta tid, meiner Kalvø det er venting. Særleg venting der du blir så irritert over å vente at du ikkje klarer å bruke tida di til noko hyggeleg. Bortsett frå det meiner han at folk gjerne kan ta litt lett på ting.

– Når eg ser tilbake på ungdomstida mi, for eksempel, tenkjer eg at eg nok kunne tatt litt lettare på ting og fjasa litt meir. Eg ser jo ikkje tilbake og tenkjer at eg skulle ha gjort meir lekser eller eg skulle ha møtt om enda meir presis, for å seie det slik.

Meiner vi må finne andre typar bragder enn før

Are Kalvø

Kalvø trur det er vanskelegare å gjere store bragder no enn før.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Eitt tema som blir behandla under framsyninga er om dagens menneskje greier å bruke tida vår til å gjere noko stort – og om vi har tid til det. Kalvø trur tida for dei store bragdene kanskje er over, eller at kravet til bragder i alle fall har endra seg.

– Slike bragder som du høyrer om frå gamle dagar, mange av dei vil eg seie ikkje er så smart bruk av tid. Å gå til polpunkt og slikt, det syns eg ikkje verkar verken hyggeleg, sosialt eller varmt ut, så eg trur tida for det er forbi.

Han trur dei som vil satse på storverk heller må sjå i andre retningar og at vår tids bragder vil handle om heilt andre ting.

– No er folk flinke til å ta livet med ro, pusse opp og kose seg. Så då må bragda handle om det. Og det er jo ikkje så lett, det blir jo fort litt bedageleg.

– Førestillinga skal gå i Oslo, men det blir ymta frampå om ein mogleg turné med Riksteatret neste år?

Kalvø ler.

– Eg veit ikkje meir enn det, rykta går. No skal eg i alle fall bruke tida mi på noko eg meiner er fornuftig. Eg skal ete og gå ein tur, før det er generalprøve på førestillinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL