Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter knivstikking i Ålesund

Ein mann i 20-åra er alvorleg skadd etter at han skal ha blitt knivstukken fleire gongar natt til laurdag.

Politi

Ein mann i 20-åra er alvorleg, men ikkje livstruande skadd. Politiet fekk melding om knivstikkinga i 4.40-tida natt til laurdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Mannen er ifølgje politiet ikkje livstruande skadd, etter at han skal bli stukken med kniv fleire gongar. Ein annan mann i 20-åra frå Ålesund kommune er pågripen, og sit varetektsfengsla.

– Vi driv no på med avhøyr både av vitne og gjerningsmann, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politidistrikt.

– Kor sikre er de på at de har pågripe rett person?

– Vi held alle kort opne, men er rimeleg sikre på det, seier han.

Melde frå til politiet

Ifølgje politiet kom det melding til naudetatane klokka 4.40 laurdag morgon, og det var då fleire personar til stades i leilegheita i Ålesund sentrum, der dette skal ha skjedd.

– Dei to kjende kvarandre, og alle involverte er kjende frå eit rusmiljø, seier Amdam.

Alvorleg, men ikkje livstruande skadd

Mannen som skal ha blitt angripen med kniv er alvorleg, men ikkje livstruande skadd, og er no innlagt på Ålesund sjukehus.

– Han er alvorleg skadd, og vi har berre snakka med han, ikkje formelt avhøyrt han endå, seier Amdam. Han veit ikkje når det kan skje.