Hopp til innhold

Alvorleg om påstandane er sanne

Jussprofessor, Jan Fritjof Bernt, meiner det er svært alvorleg dersom påstandane om press og korrupsjon i sjukehussaka stemmer.

Jan F. Bernt

Jussprofessor, Jan Fritjof Bernt, meiner det er svært alvorleg dersom påstandane i sjukehussaka stemmer.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok i dag at eit nytt sjukehus skal ligge på Opdøl i Molde. Men møtet fekk ein dramatisk start då representantar for dei tilsette meinte at det skal ha skjedd utpressing og korrupsjon i samband med at sjukehusdirektør Astrid Eidsvik gjekk av. Dei meinte det kan ha skjedd brot på lova om helseføretak og foreslo å utsette saka. Jussprofessoren er samd.

– Med tanke på dei alvorlege skuldingane som har kome fram, så meiner eg at denne saka ville tent på ei pause slik at ein kunne få avklart dei juridiske spørsmåla som har oppstått. Då er det viktig å gjere dette no og ikkje i etterkant, seier Bernt.

Spelereglar

Bernt påpeiker at dei mange uklare spørsmåla gjer det vanskeleg å avgjere om det har vore kritikkverdige prosessar i sjukehussaka. Men jusprofessoren meiner det kan virke som om ein i liten grad har tatt inn over seg dei spelereglane som er fastsett i helseføretakslova når det gjeld forholdet mellom dei ulike nivåa.

Harald Topphol

Styremedlem Harald Topphol opplyste under dagens møte at tidlegare direktør Astrid Eidsvik skal ha blitt pressa til å velje Opdøl som sjukehustomt.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Når ein ser på dei påstandane som har kome fram så er dei svært alvorlege. I lova står det tydeleg at eigaren til føretaket aldri skal gi instruksar om kva dei skal gjere utan at ein nyttar seg av dei formelle prosedyrane som er bestemt i lova, seier Bernt.

For det regionale helseføretaket er denne eigaren staten, medan det regionale helseføretaket er ansvarleg for det lokale helseføretaket.

– Lova er laga fordi ein har ynskja å skape avstand mellom den faglege leiinga ved eit helseføretak og eigaren, seier han.

Bernt meiner det er svært alvorleg dersom skuldingane mot helseføretaka stemmer.

– I så fall har det vore ei saksbehandling som ikkje er akseptabel. Då har ein kortslutta ein behandlingsprosess som skal vere basert på at alle formelle instansar skal danne seg eit uavhengig standpunkt, seier han.

Viktig med gjennomgang

Helseminister Bent Høie (H) måtte i spørjetimen i dag svare på spørsmål om si rolle i val av sjukehustomt. Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet ville vite om det har kome signal frå regjeringshald til Helse Midt-Norge om valet av tomt for det nye fellessjukehuset og om statsråden meiner prosessen har gått føre seg på rett vis.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie (H) måtte i dag svare på spørsmål om si rolle i val av sjukehustomt.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Høie har blitt skulda for å ha blande seg i prosessen i strid med reglane for eigarstyring, men ville i Stortinget i dag ikkje kommentere om han har gitt uttrykk for kva for sjukehustomt han ønskjer for Nordmøre og Romsdal.

Onsdag blei det bestemt at kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget skal følgje opp påstandane som blei fremja under styremøtet tidlegare i dag. Jusprofessoren meiner det er positivt at ein ser nærare på desse påstandane.

– Det er alvorlege skuldingar som har kome fram. Eg meiner ein må ta seg tid til å undersøke om desse påstandane er reelle eller ikkje, seier Bernt.

Han meiner det er viktig å få klårleik i prosessane i ei slik sak. Ifølgje Bernt kan det vere snakk om eit lovbrot dersom dei alvorlegaste påstandane er sanne.

– Dersom styret har heldt tilbake opplysningar som er relevante for dei avgjerda som skal takast så kan det vere ulovleg, seier han.