Hopp til innhold

Mann (42) til St. Olavs etter dykkarulukke

Ein 42 år gammal mann frå Austlandet blei flogen til St. Olavs hospital i Trondheim etter ei alvorleg dykkarulukke på Skarsøya i Aure.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.58 frå AMK på Nordmøre.

– Ulukka skjedde nær Skipnes Marina på Skarsøya. Vi fekk melding om at det kunne vere ei alvorleg ulukke.

Det opplyste operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Jan-Erik Kjelle, til NRK klokka 18.40.

Ambulansehelikopter raskt på staden

Politiet måtte ta ferja over frå Smøla, og er framleis ikkje på staden.

– Ambulansehelikopter og ambulanse er sende. Helikopteret var der kort tid etter, opplyser Kjelle.

AMK-sentralen kunne ikkje gi ut nokon opplysingar då NRK ringde klokka 18.50.

Flogen til St. Olavs

Klokka 19.10 kan politiet opplyse at ein 42 år gammal mann har blitt floge til St. Olavs hospital i Trondheim.

– AMK kunne seie at Haukeland ikkje blei valt, så det er ikkje så alvorleg som først anteke. Dei valde St. Olavs i samråd med legane.

Kjelle er derimot klar på at ulukka framleis blir kategorisert som alvorleg. Ulukka skjedde under fritidsdykking. Årsaka er framleis ukjend.

– Stabil

Klokka 20.27 kunne St. Olavs hospital opplyse at den skadde 42-åringen har det bra.

– Skadane er lette og status er stabil, seier sjukehuset i ei pressemelding.