Hopp til innhold

Alle vassdraga har rømt oppdrettslaks

I alle dei ti elvane i Møre og Romsdal som har blitt undersøkt, finst det oppdrettslaks. Overvakinga er gjort i 140 vassdrag over heile landet.

Rømt oppdrettslaks

I fjor starta eit nasjonalt overvakingsprogram for å undersøke rømt oppdrettslaks i vassdraga.

Foto: Vemund Gjertsen

Sidan slutten av 80-talet har det vore overvaking av rømt oppdrettslaks. I fjor starta eit nasjonal overvakingsprogram som inneber meir omfattande undersøkingar. 140 vassdrag i landet har blitt sjekka. Skjel frå meir enn 19000 laks frå sportsfiske, haustfiske og stamfiske er analysert for å bestemme opphav. For første gong får dermed forskarar full oversikt over tilstanden i 140 elvar.

30 av elvane vart vurdert til å ha eit høgt innslag av oppdrettslaks, medan 85 av elvane har eit lågt eller moderat innslag.

Rømt laks i alle elvar

I alle av dei ti undersøkte vassdraga i Møre og Romsdal finst der oppdrettslag. Ni av vassdraga har under 10 prosent oppdrettslaks. Det siste vassdraget, Korsbrekkelva, har over meir enn 10 prosent.

– Det forskarane seier er at den fisken som rømmer frå anlegga, kan vandre store strekningar. Vi har ikkje grunnlag for å seie at det har vore store rømming nært Korbrekkelva, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Mest i Hordaland

Det er elvane i Hordaland som har høgst tal på rømt oppdrettslaks. Ein stor del av elvane der har meir enn ti prosent rømt oppdrettslaks. Målet er at oppdrettslaksen ikkje skal vere i elvane saman med villfisk. Den rømte fisken kan ta med seg lus og øydeleggje for gytinga til villaksen.