Eliteserielaget Ålesund skal ikkje spele fleire cupkampar i år. Det vart klinkande klart etter at andredivisjonslaget Brattvåg vann dagens cupkamp på Brattvåg stadion.
LES OGSÅ:
Rørt Brattvågtrenar
– Eg er rørt, som det heiter på svensk. Den arbeidsinnsatsen som spelarane legg ned er heilt enorm. Vi forstår at AaFK er betre trent enn oss, for dei spelar jo i tippeligaen, men vi gjer ein fantastisk jobb. Det er mykje kunnskap og klokskap i dette laget, seier ein entusiastisk Brattvågtrenar, Per Erik Gidlund
Får som fortent
Mustafa Abdellaoue er skuffa etter kampen og det hjelp lite no at det var han som utlikna til 1–1 fem minutt før dommaren bleis av 2. ekstraomgang.
– Ja, sjølvsagt er det surt. Vi hadde fleire sjansar og burde scora, men, nei, det er for dårleg, rett og slett, seier han
– Kvifor gjekk det slik?
– Eg veit ikkje heilt. Vi er ikkje heilt på, og då får vi som fortent, seier Mos.
Ikkje overraska
Fotballkommentator Arne Flatin er ikkje veldig overraska over dagens cupbombe:
– Brattvåg har vore gode i cupen. Dei slo Hødd i andre runde, mens Ålesund har slite i cupen. Dei hangla seg berre så vidt vidare i dei to første rundane, seier Flatin.