Hopp til innhold

Aksjonistar henta ned igjen

Miljøaktivisten Arnstein Vestre frå Ålesund er ein av dei fire som fredag kveld blei henta av politiet frå Engebøfjellet i Naustdal i Sogn og Fjordane. Demonstrantar har gong etter gong lenka seg fast til maskinene på fjellet i protest mot planane om dumping av gruveavfall i Førdefjorden. Vestre var inntil nyleg leiar i Natur og Ungdom.

Arnstein Vestre
Foto: Sunniva Sollied Møller / NRK