Hopp til innhold

– Håpet er mikroskopisk, om ikkje null

Dårleg vêr og stor skredfare gjorde at redningsaksjonen i Sunndalsfjella blei innstilt. Små signal frå rasområdet er einaste teikn etter dei sakna. Håpet om å finne overlevande er svært lågt, seier politiet.

Håpet om å finna dei sakna i Sunndalsfjella i live er no mikroskopisk - bortimot null, seier lensmann i Sunndal Hallvard Vermøy til NRK.

Lensmann i Sunndal kommune, Hallvard Vermøy, seier håpet om å finne overlevande er mikroskopisk.

– Håpet no er ei kald natt som stabiliserer snøen. Då meiner ein det kan vere trygt å arbeide ei stund utover formiddagen i morgon, seier lensmann i Sunndal kommune, Hallvard Vermøy til NRK.

Dårleg vêr og stor skredfare gjer nemleg vidare søk tysdag umogleg. Verken bakkemannskap eller helikopter kan ta seg inn i området.

Det har gått langt over eitt døgn sidan fire unge menn blei meldt sakna.

– Skal ein vere realistisk så er håpet om å finne nokon mikroskopisk, om ikkje bortimot null. For no har det gått så lang tid og det var visstnok eit stort ras, fortel Vermøy.

Planen no bli rå flyge den alpine redningsgruppa inn i rasområdet – dersom vêret er godt nok grytidleg onsdag morgon.

Saka held fram under bildet.

Øksendal

I dette området var dei fire mennene då dei blei meldt sakna.

Foto: Hans-Olav Rise / Google Earth/montasje

Vêret umogleggjer aksjon

– Redningsaksjonen har blitt innstilt for dagen på grunn av den ekstreme skredfaren i området og dei generelle vêrforholda, sa Arnfinn Fuglevåg til NRK seint tysdag ettermiddag.

leiteaksjon sunndalsfjella

Stor skredfare gjer at sivilforsvaret og andre leitemannskap ikkje kan ta seg inn i området der dei fire mennene er sakna.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Fuglevåg er pressekontakt for politiet i Sunndalsfjella. Det er ikkje mogleg å sende inn bakkemannskap i leitinga.

– Heller ikkje eit helikopter som kan flyge lågt over rasområdet er tilrådeleg, fortalde han.

Det kom tidlegare tysdag varmesøkjande helikopter frå Oslo, men det har returnert til Oslo. Per no ligg det an til at redningsaksjonen held fram onsdag.

– Framleis ein redningsaksjon

Trass i at det har gått skred i søksområdet og at det har gått over eitt døgn, kategoriserer politiet det framleis som ein redningsaksjon.

– Det skal seiast at uansett om det er ein redningsaksjon eller søk etter antatt omkomne, så vil politiet ha tilnærma same ressursar til stades, slo Fuglevåg fast.

Per no vil politiet ikkje seie noko om identiteten til dei fire sakna, unge mennene.

– Eg kan verken stadfeste eller avkrefte kven dei sakna er eller kor dei er frå geografisk, avslutta politiet si pressekontakt i Øksendal.

Redningshelikopter

Leitemannskap har fått inn signal frå eit rasområde etter eit søk frå lufta.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fekk inn fleire signal

Sendarar med signaleffekt har blitt funne i eit stort ras i området der politiet trur dei fire mennene kan ha opphalde seg. Raset har gått akkurat i den løypa som dei sakna hadde sett seg ut.

– For få minutt sidan vart det funne signal i eit ras i Frusalhalsen. Signalet vart funnet av redningshelikopteret, sa politioverbetjent Espen Bakk som er innsatsleiar på staden til NRK klokka 14.40.

Signala er same type som kjem frå folk med skredsøkjarar og vert tekne av ras, og det er snakk om fleire signal frå same område.

For farleg for leitemannskap

Sjølv om ein no har klare indikasjonar på kor signala kjem ifrå, er det førebels ikkje mogleg å sende opp mannskap i rasområdet. Til det er skredfaren altfor stor med ein meter nysnø det siste døgnet.

– Vi har vurdert fortløpande i heile dag å setje inn mannskap, men det er heilt uaktuelt, sa innsatsleiaren. Om forholda er gode kan det bli gjort søk onsdag, la han til.

Luftsøk med varmesøkjande kamera blei altså forsøkt, men vêret er for dårleg.

Fire av seks sakna

Dei fire sakna mennene var del av eit reisefølgje på seks i Sunndalsfjella måndag.

Dei fire kom ikkje til den avtalte møteplassen etter ein topptur til Litlskjorta, og vart meldt sakna av turkameratane.

Ein leiteaksjon vart sett i gang kort tid etter, men dårleg vêr og mykje nysnø har gjort søket svært vanskeleg.

NRK følgjer saka.

Fleire signal frå skredutstyr har blit fanga opp frå rasområdet der fire menn skal ha gått på topptur måndag.

Innsatsleiar Espen Bakk orienterer om den siste utviklinga i søket etter dei fire sakna mennene i Sunndalsfjella.