Hopp til innhold

Åge Hareide: – Du ser kor skjørt livet kan vere

MARBELLA (NRK): Tysdag kveld fører Åge Hareide laget sitt Malmö ut i kamp i Champions League mot Real Madrid på gigantstadionet Santiago Bernabeu. – Å sjå barnebarnet opptre i juleforestilling er like viktig for meg, fortel mannen som kanskje blir den neste landslagssjefen i Danmark.

Åge Hareide

Åge Hareide var den første nordmannen vi fekk sjå i ein tippekamp frå England. Vegen hadde gått trinnvis, frå Hareid til naboklubben Hødd. Så til storklubben i heimfylket Møre og Romsdal, Molde.

Det blei England, med Manchester City og Norwich. Og etter enda proffkarriere gjekk vegen heim, til dei fremste jobbane innan fotballen i Norden. Molde, Helsingborg, Brøndby, Rosenborg, Norge, Örgryte, Viking, Helsingborg og Malmö er ein CV ingen har maken til.

No har han ført Malmö til eitt seriemeisterskap og to deltakingar i Champions League. Straks er det slutt som Malmö-trenar. Kanskje er sjefsjobben i Danmarks landslag neste stopp.

Bestefar til multihandikappa barn

Åge Hareide er likevel ikkje sein om å snakke om familien når han får spørsmål om det som verkeleg er viktig i livet. Han er bestefar til eit multihandikappa barn.

Det finst forhold ein ikkje tenkjer over før ein sit midt opp i det sjølv. Og du blir påverka av å ha eit multihandikappa barnebarn. Ein tenkjer kanskje meir over kor skjørt livet er.

– Far lurte på om eg skulle få meg eit yrke

Han er vaksen opp ved havet i Hareid og nabobygda Ulsteinvik. Dei fleste venene hans blei sjøfolk. Men Åge Hareide sov med fotballen i senga, og sjølivet var ikkje noko alternativ for han.

– Far min lurte nok fleire gonger på om eg ikkje skulle skaffe meg eit yrke. Og det var akkurat det eg sa til han då eg blei profesjonell fotballspelar i England. No har eg skaffa meg eit yrke, sa eg til han.

Var han fornøgd med det?

– Nei, eg veit ikkje heilt, seier Hareide med eit smil.

Vil ikkje snakke om Danmark-jobben

Denne veka blei det klart at Åge Hareide ikkje held fram som trenar for Malmö. Og fleire medium utropar han som svært aktuell til å bli sjef for det danske fotballandslaget.

– Om nokre dagar har eg heilt fri. Då skal eg berre måke snø, skrattar Åge Hareide.

Og på spørsmål om kor nær han er til å bli dansk landslagstrenar svarar han svært rundt.

Danmark er eit land vest for Sverige og sør for Noreg. Det er det einaste eg kan seie, seier han med eit lurt smil.

– Men er dette ein type jobb du har lyst på?

Om eg blir spurt så er det ei ære.

– Er makeleg anlagt

Åge Hareide seier at han trass i ei innhaldsrik idrettskarriere ser på seg sjølv om makeleg anlagt.

Eg har piska på alle andre, eg har likt å spele fotball, men eg likte ikkje spesielt godt å trene. Det var kanskje difor eg blei trenar. Eg er kanskje litt for mykje livsnytar, der eg gjerne legg meg på sofaen for å lese. Eg må nok bli flinkare og meir disiplinert. Det kjem vel i 2016, skrattar han.

Nå gler han seg til å komme heim til Molde til jul, og sjå eit av dei tre barnebarna opptre i ei juleforestilling.

No har eg éi oppgåve. Det er å sjå henne opptre i førestillinga om Snekker Andersen. Det å sjå henne er min del av det. Og dette er like viktig som å sjå på Real Madrid.