Hopp til innhold

AaFK-trenar måtte fjerne Ap-video

I ein video frå Ålesund Arbeiderparti bruker Aalesund-trenar Trond Fredriksen Color Line Stadion som arena når han står fram med si støtte. Fleire har reagert på videoen, som no er fjerna frå nett.

Trond Fredriksen fortsetter som AaFK-trener

Trenar Trond Fredriksen beklagar at han brukte AaFK sin stadion i video for Ap.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er i ein 20 sekunds video laga av Ålesund Arbeiderparti at Trond Fredriksen frå Color Line Stadion fortel kvifor han har valt å stemme på partiet.

Ifylgje nettstaden spjelkavika.no skal personar i tilknytning til klubbstyret ha reagert på videoen og Ålesund Arbeiderparti har vald å fjerne han frå sine nettsider.

Henrik Hoff

Henrikk Hoff måtte kalle inn Trond Fredriksen etter videoen han var med i for Arbeidarpartiet.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

AaFK skal vere et partipolitisk uavhengig organ. Videoen vart veldig assosiert til AaFK, og det gjekk over grensa for korleis vi vil at det skal vere, seier klubbdirektør Henrik Hoff til Dagbladet.

Trufast Ap-veljar

Trond Fredriksen sa i eit intervju til spjelkavika.no før helga at han ikkje er veldig politisk engasjert, men at han brenn for at alle skal vere med å bidra til at vi skal få eit betre fellesskap.

– Dugnadsarbeid i barnehage, skule og andre ting der vi må bidra for å få det betre her i landet. Slike ting er viktige for meg, seier han.

Aalesund-trenaren seier til nettstaden at han alltid har vore ein trufast arbeidarpartiveljar, med unnatak av ein gong då han stemte på eit anna parti.

I videoen, produsert av Ålesund Arbeiderparti, spelar Fredriksen litt med ball, før han vender seg mot kamera og oppmodar folk om å bruke røysteretten.

Til slutt fortel han kvifor han sjølv vel å røyste på nettopp Arbeidarpartiet.

– Det var dumt av meg

Seinare skal Fredriksen ha blitt innkalla av styret i AaFK, som slett ikkje likte at Color Line Stadion vart brukt som arena i videoen.

– Eit par timar etter videoen blei lagt ut blei vi kontakta av Fredriksen. Han var ganske fortvila. Han var blitt innkalla av styret, som sa at det ikkje var akseptabelt at videoen blei tatt opp på Color Line Stadion, seier leiaren i Ålesund Arbeiderparti, Svein-Rune Johannesen til Dagbladet.

Klubbdirektør Henrik Hoff poengterer overfor avisa at Fredriksen har rett til å fortelje kva parti han stemmer på, men at han må gjere det som privatperson og ikkje som trenar for AaFK.

Trond Fredriksen seier til Dagbladet at han respekterer at Aalesund er ein uavhengig politisk fotballklubb.

– Eg burde sjølvsagt ha tenkt på dette, kvar videoen blei tatt opp. Det gjorde eg ikkje. Det var dumt av meg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL