Hopp til innhold

«Ullensvang» tilbake i drift

Ferja Ullensvang i sambandet Hareid -Sulesund er tilbake i drift etter å ha hatt tekniske vanskar i morgontimane. Ferja sleit med å legge til kai ved Sulesund, men etter feilsøking skal feilen no vere retta.

Ferja Ullensvang midtfords

Ferja låg lenge utanfor ferjekaia på Sulesund.

Foto: Svein Smørdal

Ferja Ullensvang

Ferja har så langt ikkje fått legge til kai.

Foto: Arne Flatin / NRK

I følgje reiarlaget Norled var ferja i drift og i rute igjen frå klokka 0930. Dei tekniske vanskane oppstod før ferja skulle legge til kai like før klokka 0830.

Inge Andre Utåker

Inge Andre Utåker er regionsjef for ferjer i reiarlaget Norled.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Forseinkingane skuldast ein feil i manøvreringssystemet. Signala som gjekk frå brua kom ikkje fram til maskinrommet, seier Inge Andre Utåker i Norled.

Dermed blei ferja liggande på fjorden i tre kvarter før dei greidde å legge til kai. NRK sin reporter Arne Flatin var om bord.

– Folk tok det med godt humør, men mange blei forseinka til det dei skulle, seier han.

Har fått mykje kritikk

Den snart tretti år gamle ferja har møtt stor motstand fordi mange frykta den var for gamal til å trafikere sambandet.

Protestane kom alt før ferja var på plass, men har ikkje blitt mindre etter at ferja har hatt tekniske vanskar fleire gongar.

Mange blei forseinka

– Ironisk nok tok vi denne ferja for å ha god tid.

Elisabeth Haddal Myrene og sonen Henning

Elisabeth Haddal Myrene og sonen Henning om bord i ferja.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det seier Elisabeth Haddal Myrene. Ho var på veg til sjukehuset med sonen sin. Dei hadde time klokka 0915. Den rakk dei ikkje.

– Vi har ringt og sagt i frå. Meir kan vi ikkje gjere, seier ho.

Det danna seg raskt køar på begge sider medan ferja var ute av drift. Sambandet er eitt av dei mest trafikkerte i Møre og Romsdal.

Ferjekø på Sulesund

Køane av bilar blei fort lange på Sulesund.

Foto: Svein Smørdal