Hopp til innhold

«Slikkevideoen» har nådd over ein halv million

Knølar du med å få opp plastposar på butikken? Då skal du sjå denne videoen. Det er det mange som har gjort det siste døgnet.

Ikke slikk

NRK-journalist Eirik Haukenes hadde neppe tenkt at videoen som han har laga om plastpose-knølinga skulle gå som ein farsott på Facebook. Etter at han blei lagt ut på NRK Møre og Romsdal sine Facebook-sider fredag ettermiddag, har han nådd 450 000 menneske laurdag kveld.

Eirik Haukenes

NRK-journalist Eirik Haukenes' video har nådd nesten ein halv million menneske.

Foto: Synnøve Hole

– Eg syns det er kjempemessig. Det er veldig artig at folk deler saka, ikkje minst fordi videoen eigentleg var mest ein test. I NRK prøvar vi no ut nye måtar å nå folk på, og responsen i redaksjonen var vel ikkje akkurat overveldande, ler Haukenes.

Les også:

Journalisten bak slit sjølv med posane

Poenget i den korte videosnutten er ganske enkelt at det er heilt unødvendig å slikke seg på fingrane for å klare å opne brødposane i butikken.

Trebarnsfaren frå Kristiansund vedgår at han kjenner problemstillinga personleg. Og han hatar å skulle måtte slikke seg på fingrane når han skal få i hus familiens forsyning av bakarvarer.

Eg er sjølv ein av dei som står der og knølar med posane. Så var det nokon som viste meg at det finst ein flik som løyser alt, seier Haukenes.

Stor respons blant mottakarane

Og dette er tydelegvis ei kjent problemstilling, for i kommentarfeltet på Facebook-sidene til NRK Møre og Romsdal og NRK Nyheter haglar det av "likes" og kommentarar. Svært mange har også delt videoen på sine eigne facebook-sider, og oppfordra andre til å sjå trikset.

«Eg hate de som gjør dette. Når di på kassen gjør det spesielt. Då vil eg ikje ha påsen aligavell. Spytten te folk e faktisk liga ekkelt som fugladrid», skriv ei.

«Tidenes frase asså dere! ikke slikk i butikk! topp new philosophy! den kommer til å sitte i resten av livet tror jeg!» skriv ein annan.

Redaktøren forsvarer videoen

Hallstein Vemøy

NRK-redaktør Hallstein Vemøy seier NRK alltid har drive med forbrukarjournalistikk, og at videoen er ein ny måte å gjere dette på.

Foto: Ole Kaland / NRK / Ole Kaland

Ein del tek til orde for at skepsisen mot å slikke på fingrane er hysteri, og at litt bakteriar berre styrkar immunforsvaret. Nokre kan heller ikkje forstå at dette er ei sak for NRK. Distriktsredaktør Hallstein Vemøy likar diskusjonen.

Det er kjekt at det vi lagar skaper engasjement, seier han.

Men er det rett av lisensfinansierte NRK å bruke pengar på slikt?

NRK har laga forbrukarstoff i mange tiår, denne videoen er eit døme på noko som er laga i notidas form og på ein litt humoristisk måte. Når den tydelegvis treffer eit behov der ute, er det forsvarleg bruk av lisenspengane, seier han.

Trur mange syns videoen er nyttig

Ingeborg Volan

SoMe-sjef i NRK, Ingeborg Volan, trur videoen har slått spesielt godt an fordi han er nyttig og artig.

Foto: Mario Torres/NRK

Ingeborg Volan, som er spesialrådgjevar for sosiale medium i NRK seier at det å nå over 400 000 i løpet av eit døgn, er mykje for ei såpass lita Facebook-side. Ho er spesielt imponert over at over 1000 menneske også har delt videoen.

– Dette er ekstremt mykje, seier Volan, og meiner det viser at mange opplever videoen som nyttig og artig.