Hopp til innhold

–Permitterte bør få studere utan å miste pengane

Stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap) meiner permitteringsreglane må bli meir fleksible og at dei som er utan arbeid burde kunne studere eller gå på kurs samstundes som dei mottar dagpengar.

Jobbsituasjon på Statfjord C

Det er vanskelege tider for offshorebransen og den maritime industrien. Mange vert permitterte eller mister jobben.

Foto: Harald Pettersen / Statoil

Arbeidsløysa aukar og det er spesielt innan offshorebransjen og i den maritime industrien bedriftene slit. Mange arbeidstakarar blir permitterte og frå 1. juli endra regjeringa reglane slik at det vart enklare for bedriftene å behalde arbeidskrafta. Det betyr at arbeidsgjevar berre betalar løn til arbeidstakaren dei første ti dagane og ikkje 20, slik det var ein periode. Perioden med dagpengar vart også forlenga.

Stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap) meiner at permitteringsreglane må bli endå meir fleksible.

Else-May Botten

Stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap) meiner at permitteringsreglane må bli endå meir fleksible.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– I dag kan ikkje permitterte som får dagpengar studere i tillegg. Vi meiner regelverket bør bli endra slik at det vert mogleg å både høyre til bedrifta og få ny kompetanse, seier Botten. Arbeidarpartiet ser for seg ei stipendordning.

LES OGSÅ:

I Møre og Romdal står nesten 4000 personar utan arbeid. Tal frå NAV viser at 3,1 prosent av arbeidsstyrken i heile landet er utan jobb i august. Statistisk sentralbyrå si arbeidskraftundersøking opererer med eit endå høgare tal. Ifylgje deira statistikk var 4,5 prosent var arbeidsledige i juni.

– Den maritime næringa er vande med å snu seg rundt og finne nye løysingar. Då er det bra å bevare den kompetansen dei har. Difor er det viktig med eit godt permitteringsregelverk, der ein kan kombinere utdanning og permitteringar, seier Botten.