Hopp til innhold

Eitt år med mykje bråk og støy i Tresfjorden er i gang

I alt 198 peler skal halde Tresfjordbrua ståande i åra som kjem. Måndag byrja arbeidet, noko prosjektleiar Halgeir Brudeseth omtalar som ein: – Milepel.

Måndag 29. april byrja eit infernalsk bråk i Tresfjorden. Pelinga til Tresfjordbrua gjekk i gong, noko prosjektleiar Hallgeir Brudeseth omtalar som ein milepæl.

Etter mange år og mykje kjemping ser ein Tresfjordbrua bli ein realitet. Bråket er ein konsekvens av fordelen som står klar i 2015.

Halgeir Brudeseth

Halgeir Brudeseth, prosjektleiar for Tresfjordbrua, jublar for «Pæle»-starten.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– I dag er ein milepel. Vi starter med pelinga av 198 stålrørspelar, 1,2 meter i diameter. Og det vil høyrast i nabolaget.

Halgeir Brudeseth i Statens vegvesen er prosjektleiar for Tresfjordbrua.

Etter mange år med kjemping, politiske vedtak, tilbakeslag og glede, er bygginga i gang.

– Vi ser at restane frå Vågstrandtunnelen blir lagt ut på andre sida. Fyllinga skal gå nesten 700 meter uti fjorden, der den møter brua, fortel Brudeseth, medan han speidar over til Vikebukt-sida frå Tresfjord-sida.

Sju til ni, ni til seks på laurdagar

Medan NRK intervjuar både prosjektleiarar og Tresfjordbru-forkjemparar er det eit tidvis infernalsk bråk i bakgrunnen.

– Det blir nok ein merkbar støy rundtom i heile ytre Tresfjord. Vi har dessverre ikkje noko moglegheit til å støyskjerme, men vi kan setje rammer på når det kan arbeidast, fortel Brudeseth.

– Det blir seks dagar i veka. Frå sju om morgonen til ni om kvelden, men det er ikkje sikkert tida blir brukt fullt ut.

På laurdagar er arbeidstida frå tidlegast ni om morgonen til seinast seks på kvelden. Søndagar blir det knyst stille frå arbeidsplassen.

Saka held fram under bildet.

Roald Fiksdal

Roald Fiksdal, styreleiar i Eksportvegen AS, bompengeselskapet som delfinansierer Tresfjordbrua, var eitt stort smil måndag ettermiddag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Frykta prosjektet ut av NTP

Men litt bråk skal dei buande tole, for Tresfjordbrua har ein kjempa for i lang, lang tid.

– For dei som var med på dei første diskusjonane tidleg på 60-talet, og framleis er her, må dette vere ein merkedag. Også for oss som har styra med prosjektet i seinare år er det stort å sjå det bli ein realitet.

Det seier Roald Fiksdal, styreleiar for Eksportvegen AS, bompengeselskapet bak Tresfjordbrua. Han fortel om tidvis stor frykt for prosjektet.

– I ein periode frykta vi eigentleg at det skulle bli teke ut av Nasjonal Transportplan (NTP) og ikkje bli realisert i det heile.

– Men dei siste 5-6 åra har vi hatt full trua på at prosjektet skulle gå gjennom. Det har eigentleg berre vore ei tolmodsprøve, fortel Fiksdal.

I 2012 blei prosjektet endeleg vedteke på høgste hald.

Sigmund Lønset

Sigmund Lønset, prosjektleiar for sjølve Tresfjordbrua, fortel om ein vellukka første pel.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Første pel måtte skøytast

Måndag ettermiddag gjekk den første pelen av 198 i bakken under havoverflata.

– Det er laust i det øvste laget her så langt inne ved land. Vi må ned i fjellgrunn på den første her, fortalte Sigmund Lønset medan pelen blei banka ned.

– No blir det eitt år med peling, der sjølve brua vil følgje etter pelane.

Det medfølgjande bråket omtalar Lønset som «leveleg».

– Det vil nok merkast når vi skal halde på heile dagane, men det er leveleg.

Ikkje bompengar før begge prosjekta er ferdige

Sommaren/hausten 2015 skal Tresfjordbrua vere køyreklar, om litt over to år. Ei stund før skal Vågstrandtunnelen vere heilt ferdig.

– Vi kjem ikkje til å krevje bompengar før begge prosjekta er ferdige, slik det ser ut no. Vi ventar med å setje opp stasjonane til alt er ferdig og utprøva, fortel Roald Fiksdal.

I augneblinken er det ei blanding mellom statlege midlar og pengar frå bompengeselskapet som finansierer prosessen.

– Vi har teke opp heftige lån for å forskottere. Den første tida er det bompengeselskapet som gir pengar til Vegvesenet, som igjen betaler entreprenørar.

– Det er pengar som skal krevjast inn dei neste 15 åra gjennom bompengar, så vi får dei vel tilbake håper vi, avsluttar Fiksdal.

Ifølgje Fiksdal vil prosjekta spare køyrande frå Vestnes, Molde og Haram om lag 20 kilometer, medan dei frå Ålesund sparer 14-15 kilometer.

No er det like før byggjinga av Tresfjordbrua startar. Etter planen skal du kunne kjøre over fjorden i august 2015, men sjølv om anleggsstarten er like om hjørnet, vil det ta enda litt tid før vi får sjå brua reise seg.