Hopp til innhold

«Normand Maximus» er størst i Noreg

Alle piler peikar oppover i Brattvåg. Skroget til Noregs største offshoreskip, «Normand Maximus» kom til Vard Brattvaag sist helg. Det gir arbeid og aktivitet på høggir i ei tid der mange snakkar om krise.

Det er stor aktivitet i Brattvåg. Eit gigantskip skal utrustast. Og det gir mange arbeidsplassar.

STØRST I NOREG: «Normand Maximus» ruvar ved kai i Brattvåg på Sunnmøre.

Det er reiarlaget Solstad Offshore som har bestilt skipet og no skal skipet utrustast og testast ved Vard Brattvaag på Sunnmøre. 600 personar kjem til å vere i aktivitet og skape liv og røre i heile bygda.

Sjølv om heile miljøet på kysten har vore van til at det blir bygt store skip på verfta, har denne giganten skapt stor merksemd.

Alt no har det kome mykje folk frå heile distriktet for å sjå. No er folk glade for at det blir aktivitet. Det er heilt sikkert, seier Oddbjørn Hjelle, verftsdirektør ved Vard Brattvaag.

– Det er ein gigant

Det er enorme dimensjonar over «Normand Maximus», som verkeleg ber namnet sitt med rette. Skipet er 180 meter langt. Dekksområdet er på over 2.500 kvadratmeter. Skipet blir utstyrt med ein røyrleggingssystem på 550 tonn, som skal gjere det mogleg å legge røyr under krevjande forhold og på store havdjup.

Skipet får også store kranar som blir brukte til mellom anna handtering av store røyr og kablar.

Nordmand Maximus

«Normand Maximus» er ein gigant. Det meste på kaia blir lite i samanlikning.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Vanskelege tider

Og Solstadreiarlaget tør satse, sjølv i tøffe tider. Låg oljepris har ført til reduserte investeringar i Nordsjøen og oljeselskapa reduserer kostnadene. Det har ført til at svært mange offshoreskip ligg ved kai i staden for å vere i aktivitet på havet.

Det er trist å sjå alle skipa som ligg i opplag. Og det er trist med alle folka som misser arbeidet. Men aktiviteten kjem til å ta seg opp att, seier Geir Inge Haugeberg, direktør for nybygg i Solstad Offshore.

Stor aktivitet

Og aktiviteten ved verftet tek seg opp umiddelbart. Også i jula vert det jobbing alle dagar, med unnatak av julaftan og første juledag.

Vi har gått og følt på at det kanskje ikkje skulle vere arbeid å få når læretida er slutt. Det er sånt som merkast, absolutt, seier lærling Alexander Hole.

Ringverknader

Men i Brattvåg er det jubel og glede også utanfor verftsområdet. For aktivitet ved verftet skaper ringverknader. I butikkane reknar dei no med auka omsetnad.

– Dette aukar kundetalet vårt ein god del. No kjem det mange leigearbeidarar hit. I tillegg kjem mange underleverandørar. Og alle må jo ha mat.Vi reknar med at det som har skjedd no vil gje oss vekst, seier butikksjef Gunnar Lødøen ved Bunnpris Brattvåg til NRK.

Skipet skal leverast til Solstad sommaren 2016.