Hopp til innhold

– Ikkje noko grønt lys for vindkraft

Forkjemparane for vindkraft meiner at Revidert nasjonalbudsjett ikkje gjev noko grønt lys for satsinga på havbasert vindkraftutbygginga utenfor kysten av Sandøy.

Vindmølleparken på Smøla

Langs norskekysten er det sett opp ei rekkje vindturbinar. Dette er vindmøllene på Smøla.

Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Det er ikkje berre lokal motstand som seinkar utbygginga av vindkraft. Også økonomien får utbyggjarane til å gå planane nærare etter i saumane før dei stikk spaden i jorda.

Hans Endre Sæterøy, ordførar i Sandøy, vona på tydelege signal når det reviderte nasjonalbudsjettet blei lagt fram.

Hans Endre Sæterøy

Hans Endre Sæterøy (H) er ordførar i Sandøy kommune.

Foto: Høgre

Signala vi håpte på skulle kome i revidert nasjonalbudsjett er eigentleg ikkje tydelege nok. Det er ikkje trekt fram noko spesielt som gjeld vindkraft, seier ordføraren som likevel er optimist på vegner av utbyggarane.

– Signala manglar

Det er klimameldinga som gjer at Sæterøy framleis er optimist og trur at det skal bli ytterlegare vindkraftutbygging.

Men det er på mange måtar «status quo». Men dei store, overordna politiske signala er ikkje komne enno, seier Sæterøy.

– Men må det kome noko handfast for å kome i gang?

– Ja, slik eg forstår på selskapet «Vestavind» trengst det tydelege signal, slik at dei kan sende søknad om støtte, seier Sæterøy.

– Det ligg pengar i dette

Vindkraft gjev ikkje berre fornybar energi. I dag har kommunane også høve til å skattlegge anlegga, noko som gjev kjærkomne inntekter til distriktskommunane.

Det ligg både pengar til kommunane i dette, og kommunane er avhengige av at nokon satsar. Dette kan vere ein måte å få nye arbeidsplassar. Og dersom vi får eit vindkraftanlegg her, kan det gje oss økonomi til å støtte samferdsleprosjekt som for eksempel Nordøyvegen, seier Sæterøy.