Hopp til innhold

– Vi må skilje sjukehusstrid og politidebatt

Sunnmøre er mest folketungt i Møre og Romsdal – og difor trur den parlamentariske leiaren i Frp, Harald Tom Nesvik, at politimeisteren blir i Ålesund. Men ingenting er avgjort.

Harald T. Nesvik (Frp)

Kvar politimeisteren i Møre og Romsdal skal vere er enda ikkje avgjort. Men Harald Tom Nesvik tippar at Ålesund er sannsynleg.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Skiljet mellom futedømma har kanskje aldri vore større i Møre og Romsdal. Mange er nysgjerrige på kven som får politimeisteren. Sjølv trur Nesvik at folketunge Ålesund kan få hovudsetet.

– Men ingenting er bestemt. Politidirektoratet kjem til å kome med svaret på kvar politimeisteren skal vere, seier Nesvik.

Dette er spelar inn i plasseringa

Det er mange faktorar som spelar inn når direktoratet skal plassere hovudseta for politimeistrane. Stader der det er mange innbyggjarar står lengst framme i køen, og byane som ligg nært andre politidistrikt kan måtte sjå langt etter politimeisterens kontor.

Sunnmøre er mest folketung i Møre og Romsdal – og difor trur den parlamentariske leiaren at politimeisteren blir i Ålesund. No håper han at politireforma ikkje ender opp i ein aggressiv lokaliseringsdebatt.

– Det viktigaste her er å få politiet ut i distrikta, ikkje kvar politimeisteren blir sittande. Vi må klare å skilje sjukehusstriden og diskusjonen om kvar politimeisteren skal vere, seier han, og legg til at alle må klare å bli einige.

Politi ut til folket

Tysdag la statsministeren fram den nye politireforma – 27 politidistrikt blir til 12 – og også talet på lensmannskontor skal ned.

Nesvik meiner at Møre og Romsdal er ein av dei openberre vinnarane, og gler seg over at reforma skal få politiet ut til folket.

– Eg er opptatt av å få politikraft ut i distrikta. Dette er ei nær-politireform som skal sikre at når vi har behov for politikraft, så er dei der vi bur. Vi skal ha fleire politifolk ute for å gjere dei operative tinga for å få ein betre teneste for publikum, seier han.

Politibetjent Arne Hunnes

Tillitsvalt for politifolka i Nordmøre og Romsdal, politibetjent Arne Hunnes, er positiv til politireforma.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Hovudtillitsvalt for politiet i Nordmøre og Romsdal, Arne Hunnes, ønskjer reforma velkomen. Han seier seg einig med Nesvik i at det er politiarbeidet som er viktig i denne samanhengen – ikkje lokaliseringa av hovudpolitihuset.

Nærare politiet

I reforma vert det også lista opp krav til korleis tenestestadene skal bli plassert. Vi bur i eit geografisk utfordra fylke. 90 prosent av innbyggarane skal ikkje ha meir enn 45 minutt reisetid til nærmaste lensmannskontor, og det trur Hunnes er knapt.

Han meiner at politiet kjem til å møte fleire utfordringar, men stiller seg elles positiv til den nye politireforma.