Hopp til innhold

– Vi har aldri opplevd noko liknande

Molde Fotballklubb er opprørte over oppførselen til Rosenborg-supporterane i går. Ulovlege bluss, storming av banen og hets av Molde spelaren Bakenga er noko av det som får MFK til å reagere.

Molde fotballklubb er opprørte over oppførselen til Rosenborg-supporterane i går. Ulovlege bluss, storming av banen og hets av Molde spelaren Bakenga er noko av det som får MFK til å reagere.

VIDEO: Molde Fotballklubb reagerer på oppførselen til nokre av RBK-supporterane under søndagens eliteseriekamp. Foto/redigering: Roar Strøm.

Stormer banen i Molde

Fire personar storma bana etter kampslutt søndag.

Foto: C More

– Det er ikkje noko artig å sjå korleis nokre av Rosenborg-supporterane oppførte seg i går, det er nesten skremmande. Vi har aldri opplevd noko liknande, seier Per Lianes, arrangementsansvarleg i Molde FK etter gårsdagens kamp mot RBK.

Nokre av supporterane frå RBK fyrte opp store mengder ulevelege bluss, og fire personar storma bana etter kampslutt søndag.

No krev også Fotballforbundet at Rosenborg forklarar supporterane sin bruk av pyroeffekter i Molde, og skal vurdere om dette skal straffast.

Ikkje egna for barnefamiliar

For til trass for strengt vakthald og mykje politi på stadion var det likevel nokre som greidde å smugle med seg ulevelege bluss inn på stadion.

Per Lianes, arrangementsansvarleg i Molde FK

Per Lianes, arrangementsansvarleg i Molde FK er sjokkert etter gårsdagens kamp mot RBK.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Nokre er kreative og det var ikkje alt vaktene klarte å avdekke, seier Lianes.

– Syntest du at Fotballforbundet bør reagere mot Rosenborg?

– Eg meiner i alle fall at slike ting må bli tatt opp med dei klubbane det gjeld, seier Lianes.

Han meiner at kampar som i går er lite egna for barnefamiliar.

– Dersom eg hadde små barn som måtte oppleve så agerande supporterar, så hadde eg vurdert det nøye om eg skulle ta dei med på fotballkamp igjen, seier Lianes.

Kjernens pressetalsmann Espen Viken beklagar i ein e-post til NRK dei ulovlege handlingane søndag, og oppfordrar samtidig Molde til å ha fokus på handlingane og ikkje personar, eller skjære alle over ein kam.

– Enkelte gjekk for langt

Allereie før dei to laga gjekk på bana var det amper stemning blant supporterane. Molde-spelaren Mushaga Bakenga blei drapstrua av ein Rosenborg-fan på Instagram før eliteseriekampen søndag.

Espen Viken, talsperson for Kjernen

Talsperson for Kjernen Espen Viken meiner at enkelte gjekk for langt då Bakenga blei utsett for hets.

Foto: NRK

Mannen som trua Bakenga blei arrestert før kampen og avhøyrt av politiet. Molde FK har bestemt seg for å politimelde truslane.

Den tidlegare Rosenborg-spelaren opplevde også grov hets frå tribunen då han varma opp før kampen.

– Eg er veldig stolt av Kjernen som er den beste supporterklubben i landet. Men eg er ikkje fornøgd med nokon av opplevingane på Molde stadion, sa talsperson for supporterklubben Kjernen, Espen Viken til NRK.no søndag, og meinte at enkelte hadde gått for langt.