Hopp til innhold

– Vi er klare

Tysdag kveld spelte Hødd sin siste treningskamp før seriestart mot Strømmen 6. april. Hovudtrenar Sindre Eid meiner at laget er meir enn klare for seriestart.

Sindre Eid

Arkivfoto: Hovudtrenar i Hødd, Sindre Eid, meiner laget kan nå langt i årets sesong.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I generalprøven mot Sogndal heime på Høddvoll enda treningskampen til slutt 1–2 i Sogndal sin favør. Hovudtrenar Sindre Eid var likevel fornøgd etter kampen.

– Vi brukar litt tid før vi kjem i gong, men eg syns vi spelar ein god kamp. Vi manglar berre prikken over i`en, seier han etter kampslutt.

Eid meiner laget er godt førebudd før årets sesong. Andre påskedag møter dei Strømmen på bortebane.

– Vi har vore klar lenge og gledd oss lenge. No skal vi berre bruke denne siste veka til å trene, kvile og førebu oss godt, seier han.

Klare målsetjingar

Trenaren meiner laget har fleire styrker som gjer at dei kan lukkast i årets sesong.

– Vi har ein sterk tropp, god struktur i laget og ei spelargruppe som ynskjer å bli betre, seier Eid.

Men det er også nokre ting han meiner laget kan bli betre på.

– Eg trur vi kan nå langt dersom vi blir meir stabile og greier å skape lengre periodar i kampen der vi spelar bra, seier trenaren.

Og målsetjinga for årets sesong er klar.

– Vi har sagt at vi ynskjer å kjempe i toppen av tabellen, og eg trur vi har eit mannskap som er godt nok til å gjere det. Men konkurransen er tøff, så vi må jobbe hardt frå starten av, og så får vi sjå kor langt vi når, seier Eid.

– Eg håpar at ei middels generalprøve betyr ei god premiere, held han fram.