Hopp til innhold

Klipper navlestrengen altfor tidleg

Når barn vert fødd for tidleg eller slit med pusten, plar navlestrengen bli kutta i all hast for å starte gjenoppliving. – Heilt naturstridig, meiner jordmor Elisabeth Sæther ved sjukehuset i Ålesund. Gynekologforeninga er usamd.

Nyfødt baby

Jordmor Elisabeth Sæther meiner at det er best å vente med i klippe navlestrengen, sjølv om barnet pustar dårleg etter fødselen.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Sjølv om forsking viser at det beste for barnet er å vente med å klippe navlesnora minst eitt til tre minutt etter fødselen, klemmer mange norske sjukehus navlestrengen av for tidleg. Dermed får ikkje barnet blodet som sirkulerer mellom morkaka og navlestrengen og det går glipp av ein tredjedel av blodet.

– Ved dei aller fleste sjukehus vert navlesnora klipt med ein gong, dersom barnet er slapt etter fødselen, seier jordmor Elisabeth Sæther ved Kvinneklinikken i Ålesund.

LES OGSÅ:

Startar gjenoppliving

Fødsel

Norsk Gynekologisk forening meiner at det er betre å gi barnet hurtig hjelp dersom det treng gjenoppliving, i staden for å prioritere sein avnavling.

Foto: Scanpix

Sæther har i årevis kjempa for å endre denne praksisen. No kan fødeavdelingar i heile landet ta i bruk ny prosedyre som er utarbeidd av jordmora og kollegaer i Helse Møre og Romsdal. Stadig fleire fødeavdelingar landet over har innført sein avnavling for friske born. Men dei sjuke nyfødde eller premature, får det ikkje.

– Dersom barnet er slapt eller pustar dårleg, har det vore standard prosedyre å klippe navlesnora raskt for å flytte barnet til eit arbeidsbord og starte gjenoppliving, forklarar Sæther.

Men med ei intakt navlesnor vil morkake fungere som ei hjelpelunge til barnet kan puste sjølv. Den blodoverføringa som skjer i dei første minutta, gjer at barnet får betre blodtrykk og fleire blodceller for å frakte surstoff.

– Det er lettare å hjelpe barnet, dersom ein tek seg tid å vente litt, seier Sæther. I ventetida tørkar og stimulerer ein barnet, og ein kan starte pustehjelp om nødvendig.

Elisabeth Sæther

Jordmor Elisabeth Sæther ved sjukehuset i Ålesund har i årevis jobba for sein avnavling av nyfødde born.

Foto: privat

Ligg i ryggmargsrefleksen

Hennar erfaring er at i dei fleste tilfella treng ikkje barnet gjenoppliving i det heile teke, dersom ein berre ventar. Ho meiner at å handle raskt og klippe navlestrengen ligg i ryggmargsrefleksen til mange legar og jordmødrer, som har blitt drilla på å gjere det slik. I farta kan det vere lett å gløyme at barnet har ei kjelde til surstoff.

– Det kan samanliknast med å kople ein pasient frå respiratoren, før du veit om han pustar sjølv, seier jordmora.

Prosedyrane ho har utarbeidd byggjer på den nyaste forskinga på området og er kvalitetssikra og godkjent. Ynsket hennar er at dette skal verte nasjonalt gjeldande retningsliner.

Kan ikkje vente

Verdens helseorganisasjon (WHO) anbefaler å vente minst eitt til tre minutt før ein kuttar navlestrengen. Også Noreg anbefaler sein avnavling på generelt grunnlag, gjennom Nasjonal veileder for fødselshjelp.

– Men vi stiller oss spørjande til jordmoras anbefalingar for dårlege barn, seier Jone Trovik. Ho er leiar i Norsk Gynekologisk forening.

Trovik meiner at det ikkje finst kontrollerte studiar som viser at det er trygt eller betre å vente med å klippe navlestrengen når barnet for eksempel pustar dårleg.

Vanskeleg for legen

Leder i Norsk gynekologisk forening, Jone Trovik

Jone Trovik er leiar i Norsk gynekologisk forening.

Foto: Anne S. Herdlevær / UiB

Dersom eit nyfødt barn pustar dårleg eller kanskje ikkje i det heile teke, må det få pustehjelp eller bli gjenoppliva med hjartemassasje.

– Dersom navlestrengen ikkje vert klipt, må gjenoppliving gjerast i fødesenga mellom mors bein. Alt utstyr må fraktast dit og legane si arbeidsstilling vert ikkje optimal, seier Trovik.

Ho meiner det er tryggast i ein slik stressa situasjon å sørge for at forholda for dei som skal redde barnet, vert best mogleg.

–Det er betre å prioritere å gi barnet hurtig hjelp, enn å prioritere å vente opp til tre minutt på avnavling, seier Trovik.

Ikkje hendene i lomma

Men Elisabeth Sæther meiner det er ikkje er motsetningar i å gi barnet hurtig hjelp og vente eitt minutt med å klippe navlestrengen.

– Vi står ikkje med hendene i lomma og ventar. Ein startar sjølvsagt med alle hjelpetiltak utan å klippe navlestrengen når det trengst. Det går an å flytte utstyret, seier Sæther.

Og dersom barnet må flyttast, er hennar råd å klippe navlestrengen med ein lang ende, som ein mjølkar slik at barnet får mest mogleg av blodet.